ÅLEINE: Jan Geir Solheim (Sp) og Lærdal kommune står atter åleine etter at Aurland ikkje ville inngå intensjonsavtale om ei samanslåing med Lærdal og Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ÅLEINE: Jan Geir Solheim (Sp) og Lærdal kommune står atter åleine etter at Aurland ikkje ville inngå intensjonsavtale om ei samanslåing med Lærdal og Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Lærdal og Årdal blir ståande åleine

Jan Geir Solheim (Sp) vart ståande att åleine etter reformmøtet mellom Årdal, Lærdal og Aurland måndag morgon.

Årdal/Lærdal: To timar tok det, og så var det klart. Aurland vil førebels ikkje gå inn i forhandlingar om ein intensjonsavtale med Årdal og Lærdal. Måndag møttest forhandlingsutvala i dei tre kommunane kvarandre på rådhuset i Lærdal. 

– Me hadde eit greitt og kjapt møte. Eg ønskte tidleg å avklare om det var vilje til å jobbe med ein intensjonsavtale som me kan leggja fram for innbyggjarane. Årdal og Lærdal var klare for å sjå på det, men Aurland sa dei ikkje ønskte det, fortel Solheim til Porten.no. 

– Det vil seia at med det vedtaket Lærdal kommune har, så har ikkje me fleire forhandlingsmoglegheiter, så då blir det inga samanslåing.

Ikkje stor nok

Slik er også situasjonen litt lengre inn i fjorden. Årdal har tilsvarande vedtak som Lærdal. Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), forklarar kvifor dei var lunkne.

– Den viktigaste årsaka er at det framleis vil vera ein for liten kommune til å løysa alle oppgåver innanfor eigen kommune. Då må ein samarbeida med andre, og då er jo utfordringa den same som om ein står åleine. Me valte å vera ærlege på det, seier han. 

Les også: Sogndal: – Det vart for detaljert

Om nøyaktig ei veke går dei i drøftingar med Vik og Voss. Så er spørsmålet om Aurland kjem tilbake til Årdal og Lærdal dersom dei samtalane ikkje fører fram. Distad seier ein aldri skal utelukke noko i politikken, men er klar på at eit samarbeid med Årdal og Lærdal ikkje vil gi ønskt effekt. 

IKKJE OVERRASKA: Arild Ingar Lægreid er ikkje skuffa sidan utfallet var venta, seier han.
IKKJE OVERRASKA: Arild Ingar Lægreid er ikkje skuffa sidan utfallet var venta, seier han.

Ikkje overraska

– Eg er ikkje skuffa over utfallet fordi det var ikkje heilt uventa. Kommunestyret vårt har gjort dette vedtaket, som eg som ordførar fekk i oppgåve å sjekke ut, og det føler eg at me har gjort, så får me sjå om me møtest att det 26. februar, seier Arild Ingar Lægreid (Ap), ordførar i Årdal.

Den dagen er det nemleg opna opp for at dei tre kommunane skal møtast att, men då først og fremst for å diskutere samarbeid. Årdal, Lærdal og Aurland samarbeider på mange område i dag og har gjort det i mange år. Dei har mellom anna felles landbrukskontor, lokalmedisinsk senter, samarbeid på økonomi og barnevern, for å nemna noko. 

– Er det fare for at desse avtalane ryk dersom Aurland går til Voss og Vik?

– Aurland sa ingenting klart om det. Då blir situasjonen ein annan. Ta til dømes sjukehustenesta. Vil aurlendingane då reise til Voss eller Lærdal? Lærdal er nærast, men kva vil Voss seie om det? Det er mange ting som er uavklart, og dei er til dømes med og betalar for LMS, svarar Solheim.

Distad understrekar at dei jobbar først og fremst for å sikra sine innbyggjarar gode tenester.

– Me får sjå kva som kjem ut av forhandlingane med Voss og Vik. Teneste skal ikkje blir dårlegare, og då må me sjå kva tenester som kan løysast innanfor ein ny kommune. Fordelen i dag er at frå Aurland til LMS er ein halvtime i bil. Det er jo gunstig i så måte.

Rusta til å stå åleine

Dette blir andre gongen Årdal og Lærdal blir avvist. Ein intensjonsavtale om ein storkommune i Sogn var nesten i boks for nokre veker tilbake før Sogndal plutseleg sa stopp og braut ut utan å involvere Årdal og Lærdal. No seier også Aurland nei.

No startar difor arbeidet for Årdal og Lærdal å bevise at dei kan klare seg på eigahand, slik det tredje alternativet i vedtaka deira seier. 

– Eg trur Årdal er rusta for å stå åleine ei tid framover. Her kjem det sikkert nye prosessar om det ikkje går denne gongen. Det får ein sjå kva tida bringer, seier Lægreid.

Til toppen