SKIFTAR HAM: Kjell Andersen har butikkar i både Årdal og Lærdal. No byter begge kjede til Montèr.
SKIFTAR HAM: Kjell Andersen har butikkar i både Årdal og Lærdal. No byter begge kjede til Montèr.

Lærdal og Årdal får Montèr-butikkar etter kjedebyte

 Byggmakker Andersen-butikkane i både Årdal og Lærdal skiftar kjede til Montèr.

Årdal/Lærdal: – No har me fått den største kjeda på lag. Me har meir tru på at me skal greia å vidareutvikla oss og ekspendera med konseptet dei har, seier dagleg leiar Kjell Andersen i Andersen AS til Porten.no.

I dag, fredag, er han på kjedetreff i Montèr på Gardermoen. Håpet er at butikkane skal vera ferdige med hamskiftet i april eller mai.

AVTALEN KLAR: Frå venstre: Lars Petter Grandahl (Optimera) og Kjell Andersen (Andersen AS). Foto: Pressefoto

– Me vil driva slik me har drive, med små justeringar. Den største forskjellen er det proffkundane som vil merka. Der har Montèr ein del andre konsept enn me har kunna tilbydd før, seier Andersen.

Omsette for 75 millionar i fjor

Andersen AS vart etablert i Årdal mot slutten av 50-tallet. Satsninga på byggevarer starta i 2002. I 2014 vart det opna eit nytt byggevarehus i Lærdal, som i 2017 flytta inn i nye lokale.
 
I 2017 omsatte bedrifta for 75 millioner kroner.

– Me ønskjer å halda fram den gode utviklinga me har hatt den siste tida og det er gledeleg at me no får byggevarehusa til Andersen AS med oss på laget, seier direktør Lars Petter Grandahl i Optimera Handel, i ei pressemelding.

Montèr er eit dotterselskap av Optimera, som med 160 utsalstader og meir enn 10 milliardar i omsetning er størst i landet når det gjeld sal og distribusjon av byggevarer, trelast og interiør.

Til toppen