SAMARBEIDER: Flyktningstenestene i Lærdal og Aurland skal samarbeida frå og med i sommar. Frå venstre: Linn-Janette Underdal Skarsbø, Maren-Sofie Mathisen, Turid Stigen Sørensen og Dag Terje Kavlie. Foto: Aurland kommune. 

Lærdal og Aurland samarbeider om flyktningtenesta

Frå sommaren 2016 vil ein ha ein felles flyktningteneste i NAV Aurland og Lærdal. 

Aurland: Det er Turid Stigen Sørensen som er tilsett som fagleiar for flyktningtenesta. Ho startar i stillinga frå 1. august.

Med seg får ho Linn-Janette Underdal Skarsbø og Maren-Sofie Mathisen som flyktningskonsulentar i høvesvis Aurland og Lærdal. 

Aurland kommune har sagt ja til å busetja seks flyktningar kvart år i fem år framover, medan Lærdal skal berre i 2016 busetja 20 flyktningar, 23 neste år.

«Flyktningtenesta vil ha eit tett samarbeid med fleire avdelingar i kommuneorganisasjonen, og ein vil blant anna samarbeida tett med teknisk etat når det gjeld eventuelle byggjeprosessar. Ein vil òg ha eit tett samarbeid med opplæringstenestene, helsetenestene og vaktmeistertenestene i kommunane på dei områda dei har hovudansvaret for», skriv Aurland kommune.

Til toppen