KLIMA- OG MILJØVERNMINISTEREN KOM TIL ELVI: Vidar Helgesen held tale om friskmeldinga av Lærdalselvi, med den friske elva strøymande bak seg.
KLIMA- OG MILJØVERNMINISTEREN KOM TIL ELVI: Vidar Helgesen held tale om friskmeldinga av Lærdalselvi, med den friske elva strøymande bak seg. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Miljø- og klimaministeren kom til Lærdal og kunngjorde at Lærdalselvi er friskmeld

Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim har venta i over tjue år på at denne gladmeldinga skulle kome.

Lærdal: – Eg hadde aldri trudd det skulle ta så lang tid, seier ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim (SP).

Då det vart kjent at laksen i Lærdalselvi var infisert av gyro-infeksjon i 1996, trudde ordføraren at det skulle vera eit meir snøgt forbigåande problem. Men det skulle gå 21 år før elva kunne friskmeldast, fyrst dagen i dag. 

– Dette betyr mykje meir enn vi kan tenkja oss. Det er ein del av identiteten vår som har vore vekk i so mange år. Eg trur ingen tenkte over kor viktig laksen er for Lærdal før me mista han, so dette er ein fantastisk dag, seier ordføraren vidare. 

Leiaren for Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun, er også ein glad mann i dag. 

– Det er jolaftan som kom tidleg på oss i dag. Dette har me venta på i mange år. 

 → Les også: Planlegg stor feiring i håp om at Lærdalselvi kan bli friskmeldt

– No er det viktig å passa på at parasitten ikkje kjem att.

MILJØVERNMINISTEREN PÅ GJESTING: Leiarer for elveeigarlaget i Lærdal, Lasse Sælthun, med armane i kross,  rådmann Alf Olsen jr. til venstre for han, og fleire andre lyttar til ministeren sin tale. 
MILJØVERNMINISTEREN PÅ GJESTING: Leiarer for elveeigarlaget i Lærdal, Lasse Sælthun, med armane i kross,  rådmann Alf Olsen jr. til venstre for han, og fleire andre lyttar til ministeren sin tale.  Foto: Halvor Farsund Storvik

– Når me fekk gyro-infeksjon i 1996 vart det slutt på alt fiske. Då oppdaga vi kor stort tap det var, og kor stusseleg det vart her i Lærdal, seier han. 

Smått om senn vart det litt fiske att, etter at det vart gjort fleire freistnader på å behandla fisken med forskjellige meir og mindre effektive botemiddel. Men langt ifrå all fisken vart frisk med det fyrste. 

– Det å no vita at elva er heilt frisk, er veldig godt. No er det veldig viktig å passa på at parasitten ikkje kjem att. Det er veldig viktig å dra lærdom av det vi har vore gjennom, og passa på å desinfisere, og ikkje flytta på vatn og fisk som kan vera smitta, avsluttar Sælthun.

Utan laksen var det noko vesentleg som mangla hjå lærdølene

Ordførar Solheim påpeikar at lakseelva betyr mykje for grunneigarane, men at også heile Lærdalssamfunnet har kjent på saknet etter synet av den sprellande, friske laksen. 

– Samfunnet har mangla noko vesentleg desse åra. Laksen er ein av dei tinga som vi er verdskjende for. Kva om Hemsedal ikkje hadde hatt snø i tjue år, kva hadde dei gjort då?, spør ordføraren retorisk.

Med ein siste kommentar ymtar ordføraren frampå om at ikkje berre har laksen vorte lækt, også lærdølene har vorte som lækte no når dei har fått attende den prikkete, smidige fisken i Lærdalselvi:

– No har vi fått att laksen vår, og eg føler at no har vi vortne heile att, seier Solheim. 

    → Les også: Laksemysteriet er løyst

Til toppen