Lærdal: Ras drap geiter då det losna store steinar frå fjellet - Porten.no
:
RASTE DRAP TO GEITER: I Lærdal raste det store steinar over geitene til bonde Gro Agnethe Nybø, medan ho ikkje kunne gjere noko anna ein å sjå på.
RASTE DRAP TO GEITER: I Lærdal raste det store steinar over geitene til bonde Gro Agnethe Nybø, medan ho ikkje kunne gjere noko anna ein å sjå på. (Bilde: Illustrasjon)

Lærdal: Ras drap geiter då det losna store steinar frå fjellet

Fleire geiter vart drepne medan geitebonden Gro ikkje kunne gjera anna enn å sjå på.

Lærdal: – Dette er kjempetrasig og ikkje noko kjekt å oppleve, sa geitebonde Gro Agnethe Nybø til NRK som først omtalde saka

I ettermiddag raste det eit stort steinras frå høgt oppe i fjellsida i Lærdal, ifølgje avisa. 

–Heldigvis har det stoppa nede i skreda, så det er ikkje så mykje synleg, sa Nybø.

Geitebonden har funne to geiter som var så skada at ho måtte avlive dei, og leitar framleis etter fleire geiter som ho trur blei tatt av raset. I alt har ho om lag 30 geiter i området, skriv avisa. 

Til toppen