INVESTERING: Lærdal kommune gir tilskot til å få ein MR ved Lærdal sjukehus. Illustrasjon: Bjoertvedt/Wikimedia Commons
INVESTERING: Lærdal kommune gir tilskot til å få ein MR ved Lærdal sjukehus. Illustrasjon: Bjoertvedt/Wikimedia Commons (Arkiv)

Lærdal sjukehus får på plass MR-skanner

I samråd med styret i Lærdal Næringsutvikling AS, går formannskapet i Lærdal inn for innkjøp av MR ved Lærdal sjukehus. 

I samarbeid med dei andre kommunane i Indre Sogn og Helse Førde ønskjer Lærdal kommune å få etablert ein MR ved Lærdal sjukehus. 

Saka har alt vore behandla av Lærdal Næringsutvikling AS, og eit samrøystes formannskap gjekk inn tilrådinga frå rådmann Alf Olsen jr. om å gå inn med eit investeringstilskot frå Nærings- og konsesjonsavgiftsfondet på inntil kr. 3 000 000, som skal gå til å kjøpe inn ein MR.

Saka var oppe til handsaming i formannskapet 27. august. Heile saksutgreiinga finn du her. 

 

Til toppen