BRA SCORE: Pasientane ved Lærdal sjukehus gir mykje ros etter at dei har blitt behandla her. Det gjer at sjukehuset kjem godt ut i ei nasjonal undersøking. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
BRA SCORE: Pasientane ved Lærdal sjukehus gir mykje ros etter at dei har blitt behandla her. Det gjer at sjukehuset kjem godt ut i ei nasjonal undersøking. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Lærdal sjukehus får toppkarakter frå pasientar​

Lærdal sjukehus er blant dei ti best likte sjukehusa i Noreg.

Lærdal: Det syner ei undersøking som Nasjonalt kunnskapssenter for helseteneste har utført, og som mellom anna Aftenposten omtalar. 

I undersøkinga er 400 valte pasientar frå alle 61 sjukehus i Noreg plukka ut til å svare. 

Sjukehusa med dei aller mest nøgde pasientane, og ein samla scora på 5 av 5, er Betanien Hospital i Skien, den private Feiringklinikken i Eidsvoll, Tynset Sykehus og Sørlandet Sykehus Flekkefjord.

På ein god 8. plass med ein score på 4 av 5 finn ein Lærdal sjukehus. Sjukehuset har i fleire år lege heilt i teten i landet.

Scoren seier derimot ingenting om kvaliteten på sjukehuset, men heller kor nøgde pasientane er med sjukehuset. 

Samla sett blir norske pasientar over heile landet meir og meir nøgde med sjukehusa.

Til toppen