INNSPELING: Fredag kveld spelte TV-teamet bak braksuksessen Frikjent inn andre sesong av den populære serien i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving
INNSPELING: Fredag kveld spelte TV-teamet bak braksuksessen Frikjent inn andre sesong av den populære serien i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving

Lærdal sjukehus vart til Lifjord universitetsykehus

TV-mannskap spelte inn scener til suksesserien "Frikjent" i Lærdal denne veka.

Torsdag og fredag denne veka hadde TV-teamet bak braksuksessen "Frikjent" rigga seg klare til å filme scener til sesong to utanfor sjukehuset i Lærdal.

- Eg trur nok dei tilsette ved sjukehuset var ekstra kursiverte desse to dagane. Det kvikka nok opp tilværet eitt par hakk, seier Kåre Mentz Lysne, lokal koordinator på tvers av klinikkane på Lærdal sjukehus.

Måtte gå gjennom kantina

Det var like etter nyttår at produsentane i Miso Film Norge som står bak TV2-satsninga "Frikjent" tok kontakt med sjukehusleiinga. TV-teamet er no i full gong med å spele inn andre sesong av serien.

- Dei ringte å spørde om det var mogleg å filme nokre scener. Vi tok ein runde på det og sidan det berre var snakk om utandørsscener, gjekk det bra, seier Lysne.

Les også: Ny Frikjent-sesong – venta å vera enda betre

SERIE: Skodespelarane var på plass i Lærdal under torsdagens innspeling i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving

Tilsette og besøkjande kunne ikkje bruke hovudinngangen under innspelinga og måtte difor gå gjennom kantina. Dette vart styrd av eigne vakter på settet.

- Det gjekk heilt greitt og vi har ikkje fått melding om noko som gjekk gale, seier Lysne.

Lærdal vart til Lifjord

Under innspelinga vart skilitet med Lærdal Sjukehus bytta ut med Lifjord universitetssykehus.

- Eg veit ikkje kor mykje sendetid Lærdal får. Det vert vell nokre sekundar. Innescenene er filma på sjukehusa i Oslo. Sjukehuset i Lærdal fekk i tillegg nytt namn medan dei filma, då heitte det plutseleg Lifjord, seier Lysne.

BYTTA NAMN: Lærdal sjukehus vart til Lifjord universitetssykehus under innspelinga. Foto: Privat

Fredag kveld tikka det inn ein melding frå regissøren på Lysne sin telefon.

- Regissøren skreiv at dei var godt nøgd med innspelinga og at dei hadde fått mange gode klipp, seier Lysne.

Spelt inn fleire stader

Mykje av utandørsscenene i serien har blitt spelt inn i Årdal og Lærdal.

- Det kjemme ganske tydeleg fram at scenene er filma inn i Lærdal. Sjukehusbygget er ganske så kjent i seg sjølv. Folk over heile landet kjenner igjen bygget, seier Lysne.

PÅ PLASS: Skodespelar Nicolai Cleve Broch spelar den drapsfrikjende karakteren Aksel Borgen i Frikjent. Foto: Jan Christian Jerving

I den førre sesongen av Frikjent vart det spelt inn ei scene bak sjukehuset.

- Eg trur nok vi kjem til å få sjå ein del meir i år, seier Lysne.

Sjukehuset var ikkje den einaste plassen filmmannskapet besøkte denne veka. Dei tok også turen opp til Hauge Gard for å spele inn ei scene like ved busslomma ved sidan av garden.

Prislapp på 60 millionar

TV2 skal etter planen sende sesong 2 av Frikjent på norske tv-skjermar til hausten. Etter braksuksessen frå fyrste sesong i fjor, var det ikkje mykje tvil om at det skulle lagast ein ny sesong i år.

Prislappen for årets sesong er på svimlande 60 millionar kroner.

FRIKJENT: Serien som denne veka vert spelt inn i Lærdal kjem på norske TV-skjermar til hausten. Foto: Jan Christian Jerving

- Vi er heilt sikre på denne sesongen vil bli endå betre enn sesong 1. Om du likte sesong 1 kjemme du til å elske sesong 2, seier Christopher Haug, dramasjef i TV2.

I årets sesong møter tv-sjåarane blant anna skodespelarane Nicolai Cleve Broch, Lena Endre, Tobias Santelmann, Anne Marit Jacobsen, Henrik Rafaelsen, Synnøve Macody Lund, Susanne Boucher, Ellen Dorrit Petersen og Fridtjov Såheim.

 

Til toppen