RETT VEG: Trass raude tal er rådmann Arne Johansen glad for at det trass alt peikar rett veg for kommuneøkonomien.
RETT VEG: Trass raude tal er rådmann Arne Johansen glad for at det trass alt peikar rett veg for kommuneøkonomien. (Bilde: Lærdal kommune)

Lærdal slit med å få økonomien i hamn

Men trass raude tal i budsjettet, ser det lysare ut enn i starten av året.

Lærdal: Lærdal slit med ei gjeld på nesten 300 millionar kroner, synkande skatteinntekter, og ei drift som kostar meir enn det er rom for i budsjettet.

På den positive sida er prognosane for underskotet minka frå 9,5 millionar frå første tredel av året til 3 millionar no.

– Første tertial såg verre ut, men det er framleis mange raude tal, spesielt innafor helse, og pleie- og omsorg, sa rådmann Arne Johansen då han torsdag informerte politikarane i formannskapet om den økonomiske stoda til kommunen.

Vil stramma inn på pengebruken

Rådmunnen kunne fortelja at administrasjonen har innført fleire tiltak for å få budsjettet i hamn så godt det let seg gjera i slutten av året.

Mellom anna har leiarane i dei ulike tenestene fått beskjed om å vera strenge i vurderingane når det gjeld innleige av vikarar og bruk av overtid. Alle utlysingar skal drøftast i administrasjonsutvalet. På same måte blir dei oppmoda til å jobba for å få opp inntektene.

– Den klare utfordringa til leiarane er at no må me halda att. Samstundes er det viktig å støtta dei òg, for leiarane står i krysspress frå meg som rådmann, dei pårørande og brukarane. Me vurderer vedtak med strengare auge. Det betyr at me vil få nokre historier me må stå i, sa rådmannen.

– Du kan bli deprimert

Politikarane i Lærdal verka letta for at det trass alt går rett veg, men såg like mange grunnar til å framleis vera uroa.

– Du kan bli litt deprimert. Me har gjort store kutt og snudd rimeleg mange steinar etter kvart. Likevel sit me her igjen, sa Annike Renate Vanberg. 

– Du skal ikkje vera deprimert. Viss me ser på prognosane frå tidlegare, så er det fleire millionar i forskjell. Me er på riktig veg. Både innafor helse og pleie- og omsorg, så byrjar me å koma dit me skal vera, sjølv om det er ein lang veg att, forsikra rådmannen.

Kort debatt om eigedomsskatt

Kåre Mentz Lysne (Ap) meiner økonomien til kommunen er enno verre enn den eigentleg kan sjå ut. Dette fordi dei årleg hentar rundt 4 millionar frå kraftselskapet Okken og brukar det på drift.

– Det er pengar som ikkje skulle ha vore der, sa Lysne.

Han forsøkte å dra i gang ein debatt om innføring av eigedomsskatt som eit mogleg verkemiddel mot synkande inntekter, men møtte kontant motstand frå ordføraren.

– Ap skal ha lykke til på reisa om dei ønskjer å innføra eigedomsskatt. Det handlar om å driva butikken for dei pengane me har, sa Jan Geir Solheim (Sp).

Til toppen