JULEKONSERT: Denne helga helg Lærdal Songkor julekonsert i Hauge kyrkje. Foto: Privat.
JULEKONSERT: Denne helga helg Lærdal Songkor julekonsert i Hauge kyrkje. Foto: Privat.

Lærdal Songkor vil gi deg julestemninga

Til helga er det duka for den årlege julekonserten i Hauge kyrkje. I år er det Lærdal songkor som skal vere vertar.

  • Endret

Lærdal: Som vanleg vil Lærdal musikklag vera ein trufast medspelar. 

– Me skal spele gamle julesongar som til dømes «Nordnorsk julesalme», «Det lyser i stille grender» og «Peace on earth». Me håpar folk vil kome og høyre på musikken og få julestemning før jul, seier Kari Blåflat.

Det er òg ein tradisjon for folk flest å gå i kyrkja no i tida før jul, slik at dei kan få høyre gamle og klassiske julesongar som dei fleste kan, og som dei kan synge med på.  

Denne konserten skal òg setja punktum for eit aktivt jubileumsår der dei har spelt mange konsertar. Dei har blant anna spelt konsertar i Lærdal og Aurland der dei song country saman med gruppa Longhorn. 

– Det har vore mange som har møtt opp på julekonsertane som me har arrangert i åra som har vore, og me har fått mange gode tilbakemeldingar på konsertar.

Denne årlege julekonserten kjem til å forbli ein tradisjon i åra som kjem framover.  

Til toppen