KOMMUNEVAL: Annike Vanberg, førstekandidat til Lærdal Sosialistisk Venstreparti. Foto: Ina Eirin Eliassen
KOMMUNEVAL: Annike Vanberg, førstekandidat til Lærdal Sosialistisk Venstreparti. Foto: Ina Eirin Eliassen

Lærdal Sosialistisk Venstreparti om eigen politikk

Bli betre kjend med Lærdal Sosialistisk Venstreparti og kva førstekandidat Annike Vanberg (40) meiner er viktig for dei fire neste åra. 

Alle dei fem partia som stiller liste i Lærdal har fått sjansen til å fortelja kva dei meiner er viktigast inn mot valet. Det er ordførarkandidaten i kvart av partia som har svara på spørsmåla. 

 

– Kva er den største utfordringa for Lærdal dei neste fire åra? 

I perioden 2015–2019 vil Lærdalssamfunnet møta store utfordringar. Me har framleis høg lånegjeld, og driftsutgiftene er på nokre område høgare enn hos andre tilsvarande kommunar. Me må halda fram arbeidet med å få betre kontroll over drifta og sjå til at nye investeringar er godt gjennomtenkte og kvalitetssikra. Samstundes må må sikra at eventuelle innstrammingar ikkje råkar dei svakaste gruppene i kommunen.

Med dagens politiske organisering har dei folkevalde fått stadig mindre å seie for styringa av dei ulike tenesteeiningane. Når ein skal gjere innsparingar og grep, har politikarane vorte for fjerne frå folk flest. Då er det lettare å ta avgjersler som ikkje er riktige. Det må vera realisme og det må vera forankra, ein kan ikkje berre kutte ein million her og der. Politikarane må få betre kontroll med drifta av kommunen. Lærdal SV går difor inn for å gjeninnføre politiske utval for kultur og oppvekst, helse/omsorg og tekniske tenester. I tillegg er kommunereformen av dei største utfordringane framover. 

– Kva er dei viktigaste grepa for å betre økonomien i kommunen?

Det vert nytta mykje ressursar på administrasjon i kommunen. Lærdal SV vil utgreia om ein kan klara seg med mindre, særleg i høve den omfattande bruken av konsulentbyrå. Det er også viktig å sikre at dei ulike etatane i kommunen arbeider godt saman til det beste for bygda, det er god utnytting av ressursar.

Lærdal SV går framleis inn for å bruka eigedomsskatt også på bustader, som eit verkemiddel for å oppretthalda eit godt tenestetilbod i Lærdal. Det er lett å ønske seg ting, men i tillegg til at kuttar utgifter krev det at ein får nokre inntekter. Dei beste inntektene er skatteinntektene frå folk. For å halde på tenestene, tenkjer me at i alle fall for ein periode kan det vera naudsynt at me som har moglegheita betalar litt ekstra for å halde tenestene i gang.

– Kva vil ditt parti gjennomføra av investeringar?

Det er lite rom for nye investeringar i komande periode. Her må me tenka langsiktig. Då kommunen har spart pengar og har eit etterslep på vedlikehald av fleire kommunale bygg, må ein ta det først før ein vurderer andre investeringar. 

– Er det viktig å halde på to badebasseng?

Her er nok ikkje SV-gruppa så samde som i mange andre spørsmål. Eg meinar ja. Idrettsbygget på Borgund er fantastisk mykje brukt, og ein bør definitivt strekke seg langt for å halde på bassenget på Borgund. Det er ein samlingsskapande faktor i grenda og betyr mykje for veldig mange. Ein kan seie avstanden oppover i dalen har vorte mindre, men samstundes bur ikkje alle langs hovudvegen. Det er ikkje for alle avstandane har vorte så mykje mindre, enn for dei som berre skal køyre igjennnom. 

– Kva tiltak må til for at bedrifter etablerer seg her og blir verande? 

Lærdal kommune gjennomfører alt eit planarbeid i samarbeid med Lærdal Næringsutvikling AS (LNU) for næringsarealet på Håbakken, der formålet er å legge til rette for vidareutvikling. LNU har ei aktiv rolle i næringsutviklinga i kommunen/regionen. Reguleringsplanen skal legge til rette ulike former for små og mellomstore verksemder innafor forretningsområda handel, lager, logistikk- og industri.

I tillegg må bygdefolket og kommunen bli flinkare til å nytte dei lokale bedriftene.

– Korleis vil ditt parti bidra til å rekruttere kompetanse til kommunen? Og korleis vil SV sikre vekst og arbeidsplassar innan næringsliv og turisme?

Det må bli gjennomført tiltak som kan sikra og utvikla kompetansearbeidsplassane kommunen har ved Lærdalsjukehus og Sogn lokalmedisinske senter. Lærdal skal vera helsekommunen i Sogn. Me ønskjer òg ei vidare satsing på reiselivet og verdsarvstatusen. SV vil utvikla vegstasjonsbygget, til dømes som næringshage. For å sikre vekst i næringslivet må me ha tomter, det heng i hop. Me vil vidareutvikla Håbakken som eit knutepunkt og som porten til Sogn. Då ikkje alle bedrifter er med og skapar like mange arbeidsplassar, må me sjå på potensialet slik at me får vekst, noko dei fleste partia er einige om når det gjeld Håbakken. 

SV vil bidra til at Lærdal blir ein endå meir attraktiv plass å busette seg på, då må me syne at det er ein god kommune å bu og arbeide i. Lærdal kan ikkje vere med på lønnskarusellen, men må freista med andre goder. I lag med god drift av kulturhuset, vil dette vera med å sikre vekst og arbeidsplassar også innan næringsliv og turisme. 

– Korleis vil de sikre gode kår innan landbruket?

Me vil støtte dei gode landbruksbedriftene i Lærdal, som til dømes Lærdal Grønt og Frigard. Det er også viktig at ein unngår å bygge ned godt landbruksareal. 

– Kva vil Lærdal SV gjere for å syte for utvikling og busetting i heile kommunen?

Me vil legga til rette for at det blir bygd nye rimelege bustader slik at ungdom kan flytta til Lærdal, og skaffa seg bustad til ein overkommeleg pris. Å sikra folk ein stad å bu er eit politisk ansvar. Me må legga til rette for nye bustadfelt med både hus og leilegheiter. SV ønskjer fortetting på eller nær Lærdalsøyri og nye bustadtomter elles i kommunen.

Elles heng dette sjølvsagt saman med næringsutvikling/arbeidsplassar og levande grender. Der bidreg folk for å skape aktivitet og liv i grendene året rundt. Borgund er eit godt døme på dette. Generelt sett treng bygda òg eit breitt kulturtilbod.

– Korleis vil SV skape ei levande bygd også om vinteren?

Det handlar om busetting, arbeidsplassar og tilbod på fritida. Det er mykje som skjer, og det er ikkje ei daud bygd utanfor turistsesongen. Lærdal er ei levande bygd, også om vinteren. Det vert gjort mykje godt arbeid i lag og organisasjonar. Me må få eit levande sentrum og få inn meir kultur. Det handlar om gode tenester og ei proff leiing i administrasjonen. Sjølv om det er meir folk om sommaren, utgjer ikkje det så stor forskjell i livet mitt. 

– I partiprogrammet til Lærdal SV skriv de at det har vore sniglefart på utviklinga av gamle Lærdalsøyri. Kva vil de gjera med det?

Me ønskjer ei eiga satsing på gamle Øyri, både som buområde og attraktiv landsby i verdsarvklassen. Det må bli meir liv i butikkane, spesielt i sommarsesongen slik at fleire folk tek turen, som del av næringsutviklinga. Kva konkret ein kan gjera har eg ikkje eit konkret svar på, her er det folk i partiet som veit meir enn meg. Men det er viktig med liv på gamle Øyri, utan at talet turistar går på bekostning av dei som bur der.

Me må få betre kommuneplanlegging på Øyri. No er det ei gruppe som ser på tettstadutvikling på Øyri, det er positivt. Det har vore folkemøte, og det virkar som arkitektgruppa Cubus har god greie på kva dei driv med, for dei involverer folk i prosessen og er interessert i at dette skal fungere for oss som bur her. Det har eg trua på. Så langt har me ingen grunn til å ikkje støtte det arbeidet. 

– Korleis vil SV jobba for barn og unge? Og kva alternativ til skulestruktur ser de på som den beste? 

Skulestruktur er heilt klart ein heit potet. Her kan me velja å styra utviklinga eller ikkje. Om ein legg ned ein skule fordi elevtalet går ned, vil ikkje det gjera underverk for framtida. Ein vil jo ikkje bygge hus i eit bustadfelt midt i bygda for å skyssa ungane til skule i sentrum. Om ein ønskjer å nytte heile bygda, må ein satse på heile bygda òg. 

Kostratala viser at me per i dag nyttar mindre på grunnskule enn i snittet i kommunegruppa. Lærdal SV vil prioritera barn og unge. Oppvekstområdet toler ikkje fleire kutt. SV vil satsa meir på skule, enn det har vorte gjort i siste periode. 

Ein kommune er eit fellesskapsprosjekt. Ønskjer ein å oppretthalda desentralisert busetnad og å skapa vekst i heile kommunen, er ungar, aktivitet og breie fritidstilbod i grendene den viktigaste føresetnaden. Med dette perspektivet meiner SV at ein òg i framtida treng dei tre skulekrinsane me har no. Me må halda oppe ein høg lærartettleik i klassane, det er det ikkje alle stader i dag.

Desse tinga heng også i hop med om folk vil flytta til kommunen og for at folk skal trivast i bygda, i tillegg til tomter, arbeidsplassar og gode tenester. Lærdal har ein flott natur for alle som likar å gå i fjellet, men ofte treng ein meir enn det. Kulturhuset bør verkeleg nyttast, og er nok det som har mest potensialet til å bli betre. Ein skal ikkje berre eksistere, ein skal leva også. Ein treng både brød og sirkus, det er viktig. Det er mykje bra som skjer i frivillige lag og i idretten, det handlar om å gjere meir av det som er bra. 

– Har de tankar om framtidig bruk av kulturhuset, slik at besøkstal og aktivitet går opp?

Lærdal SV går inn for ei større satsing på kultur i Lærdal. Kulturetaten er svært nedbygd, og det har vore mykje usikkerheit rundt korleis Lærdal kulturhus skal brukast og driftast. Det er viktig no å sjå framover. 

SV vil jobba for at Lærdal kulturhus skal vera eit samlingspunkt for bygda, og grunnmuren i det lokale kulturlivet. Kulturhuset må bli ein inviterande og inkluderande møteplass for alle, som innbyr til skaparkraft og livsglede, eit hus bygda kan nytta og vera stolt av. Kommunen må ha styringa og raskt sikra ei samla, god driftsform for heile huset, med Villakssenteret og Kunstsenteret. Mange i Lærdal sørgjer enno over at den gamle Laksen kafé er borte. Men no er det slik at kulturhuset står der slik det er i dag, og det gjeld å utnytte potensialet til det fulle. Det er viktig å sjå mulegheiter, ikkje berre begrensingar. 

Me må klargjera kva innhald kulturhuset skal ha, og straks få på plass ei framtidsretta driftsform for Villakssenteret og Kunstsenteret. Det må på plass eit styre eller dagleg leiar som kan samordna og utvikla drifta på huset. I tillegg treng ein marknadsføring. Lærdal SV vil også få utgreidd å flytta folkebiblioteket ned i kulturhuset, og legga til rette for ei langsiktig, god drift av Laksen kafé.

– Kva vil de gjere for eldre og menneske med spesielle behov?

Me vil leggje til rette for at eldre kan bu heime så lenge som mogleg. Lærdal har eit godt tilbod til dei som treng hjelp i heimen. Dette må ein vidareutvikla. Det offentlege skal ha ansvar å sikra gode helse- og sosialtenester for alle. SV er mot å privatisera desse tenestene.

Me vil vil styrka tilbodet og støtteordningane til barn, unge og vaksne som slit med psykiske lidingar. SV vil følgja opp planane i kommunen for psykisk helsearbeid og den førebyggjande barne- og ungdomsplanen. SV støttar opp om arbeidet med omstilling i pleie- og omsorg, og vil sikra ressursane til dei mest pleietrengande på alders- og sjukeheimen.

SV er stolte over tenestene som er bygd opp på Doktarheimen, og vil arbeida for å vidareutvikla dei gode lågterskeltilboda.

– Lærdal hadde ein gong slagordet «Den grøne kommunen». Korleis vil SV jobbe for grøne og miljøvennlige løysingar? 

Lærdal SV går inn for å gjennomføre dette slagordet og Lærdal som merkevare må styrkast. Drifta av Lærdal kommune skal ha ein tydeleg miljøprofil. Energipolitikken skal styrast offentleg, med utgangspunkt i energi- og miljøplanen i kommunen. Me må ha ei klar satsing på alternative energiformar. Nye bustadfelt og offentlege utbyggingar skal planleggast med vassboren energi eller andre miljøvennlege løysingar. SV vil slåst for viktig, miljøvennleg næring i regionen, som Norsun i Årdal. Me må også satsa på energisparing og ta miljøomsyn i alle kommunale bygg. Økologisk og annan miljømerkt mat skal vera eit eige satsingsområde. Så må me ta vare på det me har att av artsmangfald og urørt natur for komande generasjonar.

Det skal vera enkelt og trygt å sykla i Lærdal, og me vil melda kommunen inn i Statens vegvesen sitt gratis sykkelbynettverk. Det må på sikt bli laga bilfri sykkelveg oppover dalen. Det må leggast endå betre til rette for sykkelparkering i sentrum, gjerne med tak over. Fleire som syklar til og frå jobb og butikk gir mindre klimautslepp, betre folkehelse og trivsel. Det gjeld å ta tak i dei små tinga.

– Kommunen har sagt ja til busetting av flyktningar - korleis vil SV sikre integrering og busetting? 

Det skal gjerast på ein ordentleg måte. Me kan ikkje seie kom hit og bu her, så seier me til alle at me må helse på dei i butikken. Det er ikkje slik det fungerer, det blir for dumt. Flora, er ein kommune som har fått det til, dei kan me læra av. Dei har mange gode tiltak. Det første er at dei har eit stabilt asylmottak, men kommunal drift. Då har ein moglegheit til å bygge kompetanse og bli gode på det ein gjer. For å få det til å fungere må det vera profesjonelt, langsiktig og under kommunal drift. Det kan ikkje vera på lykke og fromme. 

Til dømes norskopplæring frå dag ein og innføringsklasse for barn og ungdom før dei startar i ordinære klassar på skulen. Språkopplæring er vesentleg. Me kan ikkje sende alle i buss til Sogndal for å få språkopplæring. Det er ei dårleg løysing for integrering. Det er greit når ein ikkje har fått til ei annan løysing, men med eit større tal og for å tenke langsiktig, må me få til eit tilbod her. 

Ein må busetta dei i ulike lokalmiljø, og ikkje samla dei saman i eitt område. Samarbeid med idrettslag og frivillige organisasjonar er viktig, slik at dei gjennom fritidsaktivitetar kan knyte kontaktar. Kommune og bedrifter må stille med praksisplassar slik at dei får ting på CVen. Det er også viktig med ein helsestasjon som er i stand til å ta imot dei, og som kjenner til dei utfordringane dei står over. 

– Kommunereforma, kva alternativ passar Lærdal best og kva vil SV jobba for? 

Her har ikkje SV teke eit standpunkt. Me vil få utgreidd ulike sider ved kommunereforma, og sjå på både å stå åleine, slå oss saman dei to kommunane på sørsida og ein storkommune i Sogn eller heile fylket. I eit stadig meir innfløkt samfunn er det uansett viktig at me utviklar samarbeid med nabokommunane.

Me må sjå kva som kjem ut av utgreiingane, korleis makta blir flytta og kva typer tenester som ligg i dei ulike alternativa. Her er det grunnleggande å sikra dagens tenester i Lærdal, og sikre at våre folkevalde i Lærdal får reell politisk makt. SV meiner ein samanslåing ikkje skal vera avgjort av tvang frå staten. Dette er det folk som skal avgjera, når alt er på bordet av fakta og når folk veit kva dei røyster om. Då blir det meir konkret og faktabaser, og mindre basert på kjensler. Me vil ha ei bindande folkerøysting. I tillegg er det viktig å utvikla Sogn regionråd, uavhengig av resultatet av kommunereformen.

– Kva tankar har du om at du kan vera den siste ordføraren i Lærdal?

Eg har ingen tankar om at eg kan vere den siste ordføraren i Lærdal. For mange er det nok ein rar tanke at dette kan vere den siste valperioda der Lærdal er eigen kommune. Kommunenamnet gir identitet, og det skal ein ikkje kimse av.

Til toppen