
Lærdal: Kommunen går allereie på sparebluss. Men prognosane til rådmannen viser likevel at Lærdal går mot eit underskot på to millionar kroner i 2016.
Han omtalar situasjonen som alvorleg.
– Det blir jobba i heile organisasjonen for å finna løysingar. Men det er urealistisk å tru at me greier å gå i balanse i enden av året, seier rådmann Alf Olsen jr.
Les også: Samla seg om snuoperasjon for å berga økonomien
Les også: Gløym ostehøvelen, må fram med spareøksa
Rådmannen vil ha store kutt
I økonomiplanen ligg det inne kutt på 20 millionar kroner. Eit underskot på slutten av året vil kome i tillegg til den summen. Uventa høge utgifter til pleie- og omsorg og teknisk drift er årsaka til at budsjettet ser ut til å sprekke.
Politikarane og administrasjonen må no snu alle steinar for å finne innsparingar. Allereie er det satt mellombels stopp i tilsetjingane, eitt av fleire grep som skal gje rask uttelling. I tillegg er det sett ned grupper som jobbar med forslag til ytterlegare kutt.
Rådmannen seier politikarane er nøydde til å vere tøffe.
– Sett frå organisasjonen sin ståstad, så er det betre å ha større strukturelle tiltak, enn å ta litt her og litt der. Slik situasjonen er no må me gjera begge deler, seier han.
Med «strukturelle tiltak» meiner han mellom anna nedlegging av skular. Det er noko politikarane må ta stilling til når den nye skulebruksplanen blir vedteken til hausten. Lærdal har tre skular. Å leggje ned èin av dei vil spare kommunen for store summar. Her blir det spesielt peika på Ljøsne skule i framlegget til økonomiplan for 2017-2020 ettersom investeringsbehova ved skulen er store.
– Me snakkar om ein plass mellom 5 og 6 millionar kroner årleg, utifrå dei berekningane som me har no, seier rådmannen.
Les også: Kva vil politikarane med grendene?
Stenging av basseng er eit anna upopulært tiltak han ber politikarane vurdere.
– Det gir umiddelbar effekt, det veit me. Men det får òg konsekvensar for trivselen til folk og for symjeopplæringa. Det er ein vanskeleg balansegang, men det vil utvilsamt ha ein effekt, seier han.

Fleire parti gjekk til val på å bevare skulane
Ordførar Jan Geir Solheim seier kommunen har større økonomiske utfordringar enn venta. Men han har stor tru på arbeidet som blir gjort for å finne kutt.
Samstundes er han einig i at det òg kan bli naudsynt å gjere upopulære grep for å snu utviklinga. Men spår at den politiske motvilja er for stor til å få gjennomslag for heile kuttlista til rådmannen.
– Det er heilt urealistisk å tru at eit kommunestyre vil gjennomføre alle dei negative tiltaka i løpet av ein periode, seier han.
Når det gjeld skulenedlegging vil han ikkje flagge standpunkt enno. Men ordføraren konstanterer at mange parti gjekk til val på nettopp å oppretthalde skulane.
– Det skal mykje til for at valprogramma blir lagt vekk, seier han.
– Frå verre til verst
Kåre Mentz Lysne (Ap) trur underskotet kan bli enno større enn det rådmannen skisserer, kanskje opp mot seks-sju millionar.

– Det går frå vondt, til verre, til verst, konstaterer han.
Mentz Lysne spår tøffe politiske tak i tida framover.
– Med så store tal så vil me heilt sikkert bli tvinga til å gjera strukturelle endringar. Det blir nok ikkje samrøystest alt som skjer i Lærdal kommune framover, seier han.
Han seier Arbeidarpartiet er opne for å vurdere skulestrukturen. Men at heller ikkje dei har landa på noko konkret standpunkt.
– Det er litt tidleg i prosessen enno. No må vi først få fakta om kostnader og innsparingar på bordet, seier han.
Frode Myklebust (V) er òg budd på å kutte så det svir.
– Me kjem til å få mykje kjeft frå mannen i gata, men det får me berre ta, seier han.