SENTRALE: Ole Johnny Cirotzki Voll og Erlend Hole var sentrale då Lærdal vann 3-0 mot Askvoll/Holmedal laurdag. Foto: Steinar Kvigne.
SENTRALE: Ole Johnny Cirotzki Voll og Erlend Hole var sentrale då Lærdal vann 3-0 mot Askvoll/Holmedal laurdag. Foto: Steinar Kvigne.

Lærdal tok tre poeng på heimebane

Ole Johnny Cirotzki Voll og Erlend Hole var sentrale då Lærdal vann 3-0 mot Askvoll/Holmedal laurdag. 

  • Endret

For andre kamp på rad heldt Lærdal sitt mannskap nullen. Som mot naboen Jotun i førre runde, vart resultatet mot laget frå Sunnfjord også 3-0.

Lærdølene tok tidleg eit solid grep om kampen mot Askvoll/Holmedal. Det gav utteljing, for allereie etter ni minuttar låg den første ballen bak ein sjanselaus keeper. Voll lada kanona og skaut knallhardt i venstre hjørna.

Minuttet seinare la Lærdal på til 2-0 då laget fekk straffespark. Same mann sørga for straffescoring. 

Dei to tidlege måla vart på mange måtar avgjerande for at heimelaget tok alle poenga i denne kampen.

Lærdal heldt fram det gode spelet, spesielt var midtbanespelarane Voll og Hole sentrale. Halvtimen var spelt då Lærdal auka til 3-0. Sander Moen (16) sette ballen kontant i mål etter retur frå keeper. 

Ungt mannskap 

3-0 stod seg til pause i ein omgang der bortelaget hadde svært lite å by på. 

– Defensivt hadde me god kontroll gjennom heile kampen. I det heile tykte eg me viste mykje bra spel, sjølv om andre omgang ikkje gav mange målsjansar til nokon av laga, seier trenar for Lærdal Øystein Lindesteg Rinde til Porten.no.

Heimelaget stilte med eit svært ungt mannskap i denne kampen, mellom anna tre sekstenåringar. 

– Ole Rune Bjørkum, Sander Moen og Lasse Figenschau gjorde alle ein solid innsats. Eg tykkjer det er svært kjekt at dei markerer seg på dette nivået. Det er viktig at dei tek steget opp, avsluttar ein nøgd trenar. 

Lærdal står med 21 poeng etter oppgjeret mot Askvoll/Holmedal. I siste seriekamp møter laget Balestrand borte. 

Til toppen