TURAR: Lærdal Turlag har lagt opp til mange fine turar det kommande året. Foto: Arkiv. 
TURAR: Lærdal Turlag har lagt opp til mange fine turar det kommande året. Foto: Arkiv. 

Lærdal Turlag har fått nye nettsider

Her får du ein oversikt over dei kommande turane i Lærdal.

Lærdal: På dei nye nettsidene til Lærdal Turlag kan ein enkelt finne kommande fellesturar, kurs, dugnad og arrangement. 

Den nye nettsida er under stadig utvikling, men allereie no er det fleire artiklar oppe for turinteresserte folk og kalendar over planlagte turar. 

Her kan du sjå den nye nettsida til Lærdal Turlag. 

Fellesturar på våren

Den fyrste fellesturen som er planlagt er ein trugetur til Sjøneset den 30. april. Ifølgje Lærdal Turlag etter dette ein tur som passar for alle. Oppmøte er ved Rådhuset. 

Neste fellestur går til Fannaråken 14. mai. Dette er ein heildagstur som tek sju timar og passar for alle. Ei veke seinare, 21. mai, går turen til Bleia over Aurlandsfjellet. 

4. juni vert det arrangert ein dagstur til Grønefjell, frå Tissedalsvatnet til Jørundnosi. I slutten av same månad vert det lagt opp til fellestur til Torsteinen 25. juni. Her er det oppmøte ved Ofta. 

I midten av sommaren, nærare bestemt 16. juli, vert det fellestur frå Stødno til Storeskar, vidare til Fagerset med slutt på Fodnes.  På slutten av denne månaden, 30. juli, vert det fellestur til Dyrhaugstindane. Denne turen reknar Lærdal Turlag med på å bruke 11 timar på. 

 
Turar til hausten

Første turen i august går frå Smedalsosen til Volldalen. Denne fellesturen har blitt sett opp 6. august og tek åtte timar.  Seinare denne månaden, 20. august, går turen til Mollandsmorki og vidare til Molden.

Siste laurdagen i august går turen til Skogadølsbøen til Eidsbugarden. Dette er ein medlemstur som går over to dagar. 

 

3. september vert fellesturen Nesdalen rundt arrangert. Lenger ute i denne månaden, 17. september, går turen til Storehaugfjellet på Kaupanger. 

Den siste planlagte fellesturen er sett til 1. oktober frå Galdestølen til Ulvisnubben.

Til toppen