MØTE OM FRAMTIDA: Denne trioen inviterer til møte for å diskutera framtida til Lærdal. Frå venstre: Dagleg leiar Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling, arealplanleggjar Monika Lysne i Lærdal kommune, leiar Hallvard Thomassen i Lærdal Næringssamksipnad.
MØTE OM FRAMTIDA: Denne trioen inviterer til møte for å diskutera framtida til Lærdal. Frå venstre: Dagleg leiar Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling, arealplanleggjar Monika Lysne i Lærdal kommune, leiar Hallvard Thomassen i Lærdal Næringssamksipnad. (Foto: Lærdal kommune)

Lærdal vil spissa den grøne satsinga –  inviterer folk og næringsliv til idèdugnad

Lærdal har lenge vore på etterskot i planlegginga. I 2018 håpar dei at dei fleste brikkene skal falla på plass, og startskotet går i april.

Lærdal: 2018 blir det store planleggingsåret for Lærdal kommune. For politikarane betyr det at dei gjera nokre tydelege vegval, både når det gjeld næringsliv, arealbruk og generell samfunnsutvikling.

Difor inviterer kommunen til ope møte 4. april i Lærdal kulturhus, for høyra kva innbyggjarane tenkjer om framtida. 

– Med dette møtet gir me interessentar og spesielt næringslivet sjansen til å spela inn sine syn på planane. Næringslivet er sentrale i utviklinga av framtida til Lærdal, seier leiar i Lærdal Næringssamksipnad, Hallvard Thomassen, i ei pressemelding.

Skal streka opp dei store linjene

Hovudtemaet på møtet blir den såkalla samfunnsdelen i kommuneplanen, som no endeleg skal landast. Den skal seia noko om den store linjene i samfunnsutviklinga framover, til dømes kva typer bustader kommunen skal satsa på, korleis tenestene skal riggast, korleis ein skal leggja til rette for eit godt fritidstilbod og så vidare.

– Me treng spesielt tydelege innspel til arbeidet med å utvikla næringslivet, seier Monika Lysne, arealplanleggjar i Lærdal kommune.

Vil ta att planetterslep

Kommunen har lenge vore på etterskot i planarbeidet. I løpet av 2018 skal dei fleste vera fornya og ha vorte politisk handsama, mellom anna arealplanen.

– Ein kan seia at kvar millimeter av Lærdal skal definerast for framtidig bruk i løpet av året. Og framtidig bruk vil seia dei neste 12-15 åra. Dette løpet går no, og vil ein ha innverknad på planane må ein òg involvera seg i prosessen som no er i gang, seier arealplanleggjar Lysne.

Grøn satsing

Med det forenkla slagordet «Grøne Lærdal» ønskjer kommunen signalisera ei tydelegare satsing på miljøvenlege og grøne kvalitetar, òg i det lokale næringslivet. På møtet blir næringslivet oppmoda til å diskutera kva dette slagordet betyr for dei.

– Poenget er at me frå før har ein del planar som sprikar i ulike retningar, og at ved å ha ein felles overbygging som dette trekkjer alt i same retning. Det litt hårete målet som ligg inne i «Grøne Lærdal» er at me skal vera første kommunen som har gjennomført det grøne skiftet, seier dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam.

Til toppen