BURETTSLAG: I Mari-Jakob kvartalet skal det kome 14 nye leilegheiter som tilsaman utgjere Lærdals første burettslag. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
BURETTSLAG: I Mari-Jakob kvartalet skal det kome 14 nye leilegheiter som tilsaman utgjere Lærdals første burettslag. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Lærdals første burettslag er snart på plass

Dei 14 planlagte leilegheitene i Mari-Jakob kvartalet vil inngå i eit burettslag med eigen vaktmesterordning og organisert vedlikehald. 

Lærdal: Det planlagte burettslaget vil ligga sentralt på Lærdalsøyri, ha heis frå garasjeanlegget og eit felles grøntomårde for bebuarane. 

– Dette er ein spennande prosjekt. I Årdal er det 30 burettslag og 766 leilegheiter. Det er på høg til at Lærdal også får seg eit burettslag, seier Greta Steinheim i Garanti Eiendomsmegling.

Les også: Stort press på bustadmarknaden i Lærdal

Må selja fem til seks

Det er Lærdal Utbygging som skal byggja leilegheitene og Mari- Jakob kvartalet brurettslag vil vera knytta til Årdal Boligbyggelag. 

– Me må selja 40 prosent av leilegheitene før me kan setja spaden i jorda. Det utgjer mellom fem til seks einingar. Dette satsar me på at skjer innan hausten 2016, forklarar Steinheim som har jobba i Årdal Boligbyggelag i 30 år. 

Saka held fram under bilete. 

Mari-Jakob kvartalet: Slik vil burettslaget i Lærdal sjå ut.
Mari-Jakob kvartalet: Slik vil burettslaget i Lærdal sjå ut.

Les også: Bustadsutvikling i fokus

Størrelsen på leilegheitane vil variera frå 51 kvadrater til 120 kvadratmeter. Beløpet på innskotet vil variere med størrelsen på leiligheitene. I tillegg vil det komme ein månadleg felleskostnad som enno ikkje er heilt fastsett. 

Lettare å kjøpe seg inn

BURRETSLAG: Greta Steinheim frå Garanti Eiendomsmegling. 
BURRETSLAG: Greta Steinheim frå Garanti Eiendomsmegling. 

Alle leilegheitene har livsløpstandard, det vil sei at om ein på eit tidspunkt har behov for rullator eller rullestol, så er det moglegheit for å ta seg fram i bygget med det. 

– Alle leilegheitene har høg kvalitet, seier Steinheim. 

Ho påpeikar også at det er lettare å kjøpa seg inn i eit burettslag enn om ein skulle kjøpt seg ein einebustad. 

– Ein slepp å låne heile kjøpesummen av banken, berre pengar til innskotet. Deretter betalar ein resten ned på felleskostnadane. Det er ein utruleg god modell som har fungert veldig bra i Årdal og andre stader i Noreg, seier ho. 

Saka held fram under bilete. 

Mari-Jakob kvartalet: Slik vil burettslaget i Lærdal sjå ut.
Mari-Jakob kvartalet: Slik vil burettslaget i Lærdal sjå ut.

Det som ligg i felleskostnadane er til dømes kommunale kostnadar, eigedomsskatt, kabel-tv, renter, vaktmester, avdrag med m. m.  

– Moglegheit for absolutt alle

Burettslaget vil ha høg standard med store heis frå eit avlåst garasjeanlegg, adgangskontroll og branntryggleik med fullt sprinkleranlegg. 

Saka held fram under bilete. 

Mari-Jakob kvartalet: Slik vil burettslaget i Lærdal sjå ut.
Mari-Jakob kvartalet: Slik vil burettslaget i Lærdal sjå ut.

– Dette her er for alle, om du er ung eller eldre så er det veldig greitt å bu i eit burettslag. Organiseringa av vedlikehald vert ordna av styret. Dette styret vert valt av generalforsamlinga. Om det er større tiltak som skal på plass, er det generalforsamlinga som bestemmer. Her er alle inkludert, seier Steinheim. 

Mari-Jakob kvartalet ligg fem minutt gange frå butikkane i Lærdal. Parkeringsanlegget er innandørs slik at ein slepp å måke snø om vinteren. 

Saka held fram under bilete. 

Mari-Jakob kvartalet: Slik vil burettslaget i Lærdal sjå ut.
Mari-Jakob kvartalet: Slik vil burettslaget i Lærdal sjå ut.

– Dei største leilegheitene har fire rom, så er er det moglegheit for ein heil familie å flytta inn. Burettslaget bestemmer sjølve kva dei vil bruka grøntområde på og det er vaktmesteren som står for vedlikehaldet her, seier Steinheim. 

Leilegheitene vert seld med "først til mølla" prinsippet og ein kan då velje den leilegheiten ein likar best. 

Forbehald om endeleg kommunal godkjenning av prosjektet.

Til toppen