OPTIMIST: Lasse Sælthun er optimistisk til ny og friskmeldt sesong for Lærdalselvi.
OPTIMIST: Lasse Sælthun er optimistisk til ny og friskmeldt sesong for Lærdalselvi. (Bilde: Jan Christian Jerving)

Første sesong etter friskmeldinga: – Fiskar folk utan bevis for desinfisert utstyr, så ryk dei for alltid

«Dronninga blant lakseelvar» blei friskmeldt i oktober i fjor etter mange år med lakseparasitten gyro. 1. juni startar sesongen for fullt.

Lærdal: – Det er alltid like spanande før ny sesong og eg spår alltid feil, seier Lasse Sælthun. Han har vore leiar i elveeigarlaget i Lærdal inntil nyleg. 

– Me hadde jo ikkje eit særleg godt år i fjor og fanga vel 60 prosent av det me fanga året før. Laks mellom 3 og 7 kilo var det lite av. Eg er jo optimistisk til ny sesong, men kanskje også litt bekymra for at det som skjedde i fjor skal spela inn på det som skjer i år, seier han. 

Lakseparasitt sidan 1996

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris blei påvist i elva i 1996, og sidan har det vore både gode og dårlege sesongar for elva. 

– Det var veldig godt å få den endelege beskjeden om at elva var friskmeldt på lik linje med andre elver. Det var spanande for kroppen medan me gjekk å venta på svar. 

No passar dei på at ingen brukar fiskeutstyr som dreg med seg smitte medan dei fiskar. 

– Etter me fekk denne kalddusjen, har me blitt svært nøye på desinfisering. Ingen får fiska utan desinfisert utstyr. Og alle som fiskar, får med seg eit bevis på at utstyret er desinfisert. Har ikkje folk gjort dette før dei fiskar, så ryk dei, ikkje berre no, men for alltid, seier Sælthun. 

Han legg ikkje skjul på at sikkerheit kring smitte er blitt viktig for dei. 

– I 22 år visste me at me hadde gyro her, og me må passa på at ingen sjukdomar og smitte får sleppa til heretter. Det er viktig å passa på og me må ikkje slappa av med desinfiseringen. 

Ein fisk om dagen

Det er ikkje berre kring smitte og sjukdom det er strenge reglar for fiske i elva. 

– Alle holaks som blir fiska får sleppa ut att, men karane kan du kakka i hovudet. Tek du ein hannlaks og kakkar han, så kan du ikkje fiske meir den dagen. Då lyt du sitte på verandaen og sjå på at dei andre fiskar resten av dagen, seier Sælthun. 

Det er strenge restriksjonar på kor mykje du kan fiske. 

– Desse reglane har ført til at 70 prosent av laksen er blitt sett ut att i elva. Me har eit nøye rapporteringssystem, så me veit kor mykje me har fanga og slept ut att. Viss det er dårleg med fangst, må me vurdera ytterlegare restriksjonar. Og viss det er dårleg med fisk, må me vurdera om elva i verste fall må stengast, seier han. 

Eit sommarteikn i Lærdal

Til trass for dårlege år med gyro, ser han no fram til ny sesong og fleire fiskarar i Lærdal. 

– Eg håpar det blir bra, og så er det alltid moro når det kjem fiskarar og lagar litt meir liv rundt elva og på Øyri. Det har ein del å seia for Lærdal, og så er det jo eit sommarteikn. Det er litt koseleg å sjå at dei får fisk. 

Til toppen