Lærdalsjente jaktar kjærleik på TV2

Lærdalsjente jaktar kjærleik på TV2

Lærdalsjenta Margrethe Bøe er blant friarane som søkjer partnar i "Jakten på kjærligheten" på TV2.  - Etter å ha vore med på dette kjenner eg meg utruleg tøff og modig, smiler ho.


Namn: Margrethe Bøe 
Alder: 29
Frå: Lærdal, Sogn og fjordane
Noverande bustad: Oslo, Kjelsås
Yrke: Jobbar i Førebyggjande barne og ungdomsenhet i Bydel Nordre Aker
Frir til: Kjartan Bergsvåg (36), sauebonde i Voss


- Kvifor melde du deg på "Jakten på Kjærligheten"?
- Eg har alltid vore glad i å sjå på "Jakten på kjærligheten" og då det dukka opp ein presentasjon av ein bonde i frå Voss vart eg vel nygjerrig. I tillegg til å vera vestlending og glad i friluftsliv verka han også som ein kjekk, blid og likandes kar!

Men å skriva sjølv var aldri noko eg hadde turd å gjera. Ei barndomsveninne av meg, Inghild, tenkte det same som meg då ho såg presentasjonen og meinte han var ein fin kar til meg og meinte eg måtte skrive. Eg var verken tøff nok og var heller ikkje så gira på å skrive skrytebrev av meg sjølv. Eg sa ho kunne gjere det dersom ho ville, men eg ville ikkje ha noko med brevet å gjere. Så viss ho skreiv og sende brevet og eg skulle bli oppringt, skulle eg hoppe idet.

At ho skulle ta meg på ordet trudde eg ikkje, og heller ikkje at eg skulle bli oppringt til å få møta han på speeddate! Plutseleg hadde ho skrive brevet saman ei anna venninne. Kristine hadde lagt ved fleire bilete av meg. Ein kveld me var samla ein god del veninner, las Inghild opp brevet og me tykte ho hadde skrive eit ganske bra brev. Dei rundt meg kjenner meg kanskje betre enn det eg gjere sjølv også. Hehe!

Den dagen fristen kom, sende Inghild brevet, og måndagen etter fekk eg den overraskande telefonen om at eg var blant dei ti han ville møte. Eg vart både overraska og glad. Etter å ha summa meg og tenkt litt, ringte eg opp igjen og sa ja. Så eg må vel takke Inghild og Kristine for at dei var intiativtakarar til dette og hadde såpass trua på meg. 

Intervjuet held fram under biletet.

FIRE FRIARAR ATT: Måndag kveld får TV-sjåarane sjå at sauebonde Kjartan Bergsøy sender ei av jentene vekk frå garden på Voss.
FIRE FRIARAR ATT: Måndag kveld får TV-sjåarane sjå at sauebonde Kjartan Bergsøy sender ei av jentene vekk frå garden på Voss.


- Har du dreve med gardsarbeid før? 
- Eg har vakse opp på gard på Ljøsne, så gardsarbeid har eg vore borte i. Det har vore ein stor del av oppveksten min, og eg har sett kva det krevst og kva det inneber. 

- På ein skala frå 1-10, kor pinleg var det på speeddaten?
- På ein skala var det kanskje 5. Eg var vel meir nervøs enn at eg synest det var pinleg. Å koma inn i rommet og sjå alt av folk og kamera, vart det meir skummelt enn pinleg. Så langt det var mogleg prøvde eg å stengje det ute og berre konsentrera meg speedaten. Etter kvart gjekk det seg til og det var ikkje så pinleg, dei sju minuttane gjekk ganske fort til trass for litt stopp og venting i blant.


- Korleis var det å komma på garden første dagen?
- Å kome på garden var berre kjekt! Eg var veldig spent sjølvsagt, men kjekt å sjå alle igjen, både tv-crewet, damene, og ikkje minst Kjartan.

Det er ein månad opphald mellom innspeling på Hoel-gard og gardsveka, så eg hugsar det var godt å endeleg kome i gong med gardsveka. Når ein går og ventar og tenkjer så lenge på noko som skal skje, blir det spesielt i dette tilfellet når det var utanom det normale. 
 
- Vart du paff då de måtte overnatta i telt i hagen? 
- Eg vart overraska med ein gong då eg såg telta og lavvoen. Det burde eg kanskje ha forventa med tanke på regi, og at han er friluftsmann, men det gjekk veldig fint. Eg fekk bu i lavvo med Rachel, ei av dei som eg fekk veldig god kontakt med på Hoel gård. Så det var egentleg berre kjekt! Det er også veldig deilig å sova med dyne ute faktisk.


- Såg du på dei andre jentene som nye venner, eller konkurrentar? Endra dette synet seg undervegs? 
- På Hoel gard fekk me alle ti jentene god kontakt, me hadde det veldig gøy i lag. Me har framleis god kontakt. Dette er også noko ein opplever èin gong i livet, og kanskje ikkje like lett å setja seg inn i,  så det er godt å ha gjengen som har vore med på det same som deg.

Heile tida såg eg på dei som venninner, og ikkje konkurrentar. Sjølv om situasjonen endra seg frå å gå til å vere litt med bonden til me var i lag heile tida på gardsveka, synst eg ikkje det endra seg. Eg fekk litt følelsen av at me var ein vennegjeng på hyttetur.


- Vurderte du nokon gong å rømma vekk frå heile greia? 
- Eg var vel litt fram og tilbake med meg sjølv i blant og lurte på kva eg var med på. Det tenkjer eg er berre naturleg og menneskeleg i ein slik situasjon. Eg ville aldri rømma vekk, men til tider lei av å alltid måtte uttrykka kjensler og liknande med kamera oppi ansiktet.

Det å setja opp telt der var ein slags konkurranse, då kjente eg at det gjorde meg veldig stressa. Så det var vel kanskje eit augneblikk der eg ville springa vekk i frå! 


- Kva tenkte du då de fekk servert smalahove? Har du ete det før?
- Smalahove hadde eg aldri ete før. Det var ikkje så delikat å få eit sauehovud servert på tallerken, men overraskande godt! Mattradisjonar og kultur er jo spennande, så det var jo artig å få smake på det. Eg åt faktisk halve auge også. 


- For oss sjåarar så langt, kan det verke som om Kjartan tidleg såg på deg som ein av favorittane. Var du klar over dette?
- Ein favoritt? Å få dette spørsmålet er for meg overraskande, kanskje også smigrande? Hehe! Dette var noko eg ikkje ville tenke og fokusere så mykje på.

Det vart jo sjølvsagt litt spekulasjonar då me alle var på Hoel gard og kvifor ting vart gjort slik og slik, og kva som skjedde i kulissane, men dette var ikkje noko eg var klar over. Eg tenkte eg ikkje kom vidare frå Hoel-gard til aktivitetsdagen, særleg sidan eg tabba meg ut på fyrste setning eg sa til han på speed-daten. Haha!

- Bonden er tydeleg eit aktivt friluftsmenneske. Er også du det?
- Eg er veldig glad i å vere ute i naturen og gå turar i fjellet både sommar og vinter. Friluftsliv gjev meg mange fine opplevingar og spesielt når eg er på tur saman med andre. Det er ein fin måte å koble av på, men samstundes bruke kroppen og vere ute i frisk luft.

Mange meinar nok eg brukar alt for mykje tid på fjellet, men så lenge det gjev meg så mykje, ser eg ingen grunn til å ikkje bruke tid på noko som er så fint og så enkelt! Kvifor ikkje dele slike opplevingar saman med nokon? Dette var jo også ein av grunnane til at eg ville møte Kjartan. 


- Har du fått kommentarar frå folk rundt deg no når me har sett deg nokre gonger i TV2 si beste sendetid?
-  Eg har fått ein del kommentarar og spørsmål frå kjente og kjære etter at det vart kjent at eg blei med på "Jakten på kjærligheten". Det er som regel berre fine og hyggelege tilbakemeldingar, noko eg sjølvsagt er veldig glad for. Eg førebudde meg på å få negative kommentarar og meldingar, men er positivt overraska over responsen.


- Korleis kjennest det å sjå seg sjølv på TV i ei slik setting?
Det er utruleg kleint og rart å sjå seg sjølv på TV, spesielt i ei slik setting.  Det er vel meir kleint å sjå på det enn å faktisk gjennomføra det.

Det er nokre gonger eg legg meg på golvet for å ikkje sjå på sendigane. Eg har kjent nervøsiteten koma snikande på måndagane rundt kl. 20.00, men det går seg som regel til. Har både te-og strikkeklubben, "Kåpplåmbi" som er venninnegjengen frå barndomen, samt måndagsklubben og ei god puta som støtteapparat. 


- Kan det kjennes litt plagsamt at folk er nysgjerrige på kjærleikslivet ditt? 
- Det er vel noko ein må tåle når ein stiller opp på noko slikt. Likevel har eg fått nokre spørsmål som av og til ikkje er så gjennomtenkte, som er litt kjedeleg å få. Når ein veit kva utfallet er i så lang tid etter at det er vist på TV, må ein heile tida tenkje over kva ein seier og ikkje, for å ikkje røpe seg.

Det er nok det som er mest vanskeleg når eg får stilt spørsmål. Likevel prøver eg å ha ei god innstilling og seier til meg sjølv; den som er med leiken må tåle steiken.


- Ville du ha gjort det opp att? 
- Etter å ha vore med på dette føler eg meg utruleg tøff og modig. Eg har verkeleg fått utfordra meg sjølv og komfortsona er nok sprengt. Det er ei oppleving eg ikkje ville vore forutan, men som eg aldri kjem til å gjere igjen. 


- Er dette noko du vil oppmoda andre om å gjere? 
- Er det nokon ein kunne tenkje å skrive til, så ville eg ha oppmoda dei til å vere tøffaren enn meg til å faktisk skrive det brevet sjølv. Eg ser attende på dette som ei erfaring og ei oppleving som eg kjem til å hugse livet ut.

Det er viktig å ha ei positiv innstilling om at det skal vere ei gøy og morosam oppleving uansett korleis det går, og kva utfall det blir. Ein har teke ein sjanse i livet og har ikkje noko å tape på det. Ein har flotte folk og godt støtteapparat rundt seg heile tida medan innspelinga går føre seg. Er det nokon du kunne tenkje deg å skrive til og møte, så køyr på!

Måndag kveld kan TV-sjåarane sjå sauebonden Kjartan Bergsvåg senda heim ei av dei fire friarjentene han har besøk av på garden i Voss.

Begge bileta som er brukte i intervjuet er fått og teke med løyve av Unn Grethe Berge i TV2.

Til toppen