Aldri har Lærdal vore i ein så krevjande økonomisk situasjon som no. Det største faremomentet då er splitting i bygda, skriv Ole Ramshus Sælthun. Foto: Jan Christian Jerving (Illustrasjon).
Aldri har Lærdal vore i ein så krevjande økonomisk situasjon som no. Det største faremomentet då er splitting i bygda, skriv Ole Ramshus Sælthun. Foto: Jan Christian Jerving (Illustrasjon).

MEININGAR

Lærdalskrisa: Samling i botnen

Aldri har Lærdal vore i ein så krevjande økonomisk situasjon som no. Det største faremomentet då er splitting i bygda.

KOMMENTAR: Nedlegging av ein skule. Stenging av ei barnehageavdeling slik budsjetteringa ligg an. Moglegvis tomme basseng og stengt kulturhus og/eller ungdomsklubb. Trimming av administrasjonen. 

Det er lite positivt å lesa om Lærdal i media om dagen. Kommentarane på facebook er krasse. Praten på buene og i gatene sameleis. Kva skjer med bygdi vår?

To ting, slik eg ser det. Den eine er sjølvvalda, den andre kan knappast nokon skuldast for.

Realitetssjekk

På den eine sida har me levd over evne. Bygd for mykje som no står i fare for å bli lagt ned eller på is. Og samstundes vorte ein smule vekkskjemde.

For me har hatt det veldig godt i Lærdal. To basseng og tre skular på knappe 2200 innbyggjarar vil mange seia er slikt ein rik kommune kan kosta på seg. Skulane har ein fysisk kapasitet på langt over det doble av elevtalet. Også barnehagane har plass til mykje fleire ungar enn kva som finst. Men ein har altså ikkje råd til å utnytta denne plassen.

Så har me det som har vorte sjølve symbolet på "sløsing" og slakk styring; Indre Sogn Kunstsenter. Senteret blir omtala som "rota til alt vondt" på folkemunne.

Det er forståeleg. Fordi mange hadde problem med å sjå at dette skulle bli ein stor suksess alt før senteret vart bygd - underteikna inkludert. Det må vera ein ibuande kultur for kunst til at slikt skal lukkast, som i Balestrand. Laksefiske er det kultur for i Lærdal, det var difor ein bygde eit laksesenter.

Nøktern optimisme

Men så er det noko med å koma vidare. Kunstsenteret var også ekstremt uheldig med taimingen. Det vart vedteke i ei tid med betre økonomi. Hadde dei gode tidene halde fram, ville truleg dei færraste ha ergra seg over senteret i dag. I staden har pilene peika meir og meir nedover i ettertid, og spesielt siste åra.

Så. Var ikkje dette mogleg å sjå i framkant? Vart det gjort marknadsundersøkingar når ein bygde kunstsenteret? Fanst det ikkje prognosar som sa at barnetalet ville bli om lag der det ligg slik at ein kunne ha bygd skular og barnehagar noko meir nøkternt?

Eg trur det handlar noko om å vera nøktern optimist kontra urealistisk optimist. Naturlegvis skal ikkje politikarane vera pessimistar av natur, men noko av denne overinvesteringa må nesten ha bakgrunn i urealistisk optimisme. Og moglegvis ei utegløyming av at stort sett alle investeringar pådreg seg drift.

Då er ein tilbake til poenget med å koma vidare; ja, me må vidare, men ikkje utan å læra av historia. For samstundes som økonomien går elendig, er det store prosjekt på gang i kommunen. Så får tida visa om ein gløymde historia denne gongen også.

Talas tala

Det var det sjølvvalda. Så har me ein annan realisme; kor mykje kommunen faktisk har å spela på i dag kontra for fire-fem år sidan. Drygt 20 millionar kroner mindre i budsjett. På grunn av sviktande kraftrelaterte inntekter, eine og åleine.

For dette kunne ein ha drifta godt og vel fire skular på Ljøsne årleg. Ein kunne ha bygd eit kunstsenter annankvart år, med grunnarbeid og det heile (utan sponsorar eller tilskot utanifrå). Eg veit ikkje kor mange basseng ein kunne ha drifta, men de skjønar poenget.

Då blir det vel enkelt å seia at kunstsenteret velta økonomien i kommunen - ein må sjå desse tinga litt i perspektiv. Og perspektivet er altså at hovudtyngda i økonomikrisa skriv seg frå noko nokon knappast kunne sjå førut. Ein kunne ha teke meir høgde for ein slik svikt i kraftrelaterte inntekter, men skulle ein ta høgde for så mykje som faktisk har forsvunne, ville ein vel knapt kunne ha gjort noko som helst.

Framtida

Der er me, altså. Og "der" er ein situasjon som borgar for krangel på alle frontar. Mellom einingar om kven som skal få det som er att av pengar. Mellom grendene i bygda om kva som skal bli att og satsast på her og der. Mellom folk flest og politikarane. Med nabokommunar om konsekvensen av diverse reformar.

Poenget mitt er; me må starta med å koma oss forbi feila som er gjort, læra av desse og innsjå realitetane. Tre vanskelege ting samstundes. For det blir verken feitt eller flusst framover. Ein del vil mista jobben, og det er umåteleg tøft. Grusomt, rett og slett. 

Men me overlever, i alle fall om me klarar å ikkje krangla for mykje. Så kan me vera nøkterne optimistar, og tenkja at dette er ei kneik. Tenkja at; okei, eit basseng blir tomt i år, kulturhuset blir stengt i 2017 (desse tinga har berre vorte lufta kjapt politisk, ingenting er bestemt - berre så det er sagt). 

Så kan me reisa og bada i Årdal, då - bli kjende med nokre årdøler. Reisa til Sogndal på kino og treffa nye folk. Kommunen kan invitera nokre byråkratar og politikarar frå Vik og høyra korleis dei kom gjennom Terratida.

Kall meg naiv, men: eg trur i alle fall ikkje det hjelp å leggja seg ned i skyttargravene.

Til toppen