OMSTRIDD: Bygginga av Indre Sogn Kunstsenter har vore omstridd og mykje omtala. Arkivfoto
OMSTRIDD: Bygginga av Indre Sogn Kunstsenter har vore omstridd og mykje omtala. Arkivfoto (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

MEININGAR

Lærdalskrisa: Tolkingar av tal og ord 

Tidlegare ordførar Arne Sanden opplyser om fakta etter vår kommentar om lærdalskrisa. Me ser oss nøydde til å koma med nokre presiseringar rundt tolkingar og fakta.

  • Endret

Me kan me vanskeleg sjå at kommentaren bomma i høve fakta - det som er nytta av fakta ser me ikkje at er feil. Dette vil me utdjupa.

Les kommentaren: Lærdalskrisa: Samling i botnen

Les svaret frå Arne Sanden: Kva med ein faktasjekk?

Men først vil me kommentera to poeng det verkar som Sanden delvis misforstår:

«Rota til alt vondt» og «taiming»

1.Om Indre Sogn Kunstsenter skriv Sanden: « I kommentaren omtalar Sælthun bygginga av kunstsenteret og oppfatninga av at utgiftene kring drifta av dette som «rota til alt vondt» i kommunen sin økonomi.» Dette stod i nemnde kommentar: «Senteret blir omtala som "rota til alt vondt" på folkemunne.»

Lengre nede i vår kommentar står det: «Då blir det vel enkelt å seia at kunstsenteret velta økonomien i kommunen». Altså meiner og uttrykkjer me i kommentaren at Kunstsenteret ikkje er rota til alt vondt, berre så det er klart. Sanden viser dette gjennom tal. Såleis er me einige her.

2. Taiming. I vår kommentar står det: «Kunstsenteret var også ekstremt uheldig med taimingen.» Sanden skriv at taimingen både for Kunstsenteret og investeringane på skule og barnehage var svært god grunna utsikter om låg rente. Det høyrest heilt rett ut, det. Men med «uheldig» taiming er ikkje meint «feil» taiming. I høve taimingen for Kunstsenteret står det vidare i kommentaren vår: «Det vart vedteke i ei tid med betre økonomi. Hadde dei gode tidene halde fram, ville truleg dei færraste ha ergra seg over senteret i dag.»

Med andre ord: Uansett årsak slit Lærdal kommune vesentleg meir med økonomien i dag enn då Kunstsenteret vart sett opp. Eller då renoveringa av Lærdalsøyri skule fann stad og barnehagen på Øyri vart bygd om. 

Poenget er altså at det blir lettare å sjå seg om etter ting som er gjort feil eller kunne ha vore gjort annleis når økonomien går dårleg enn når det er god økonomi. For å seia det enkelt: ein angrar på å ha kjøpt seg ein fin bil viss ein nokre månader seinare mistar jobben. Då tenkjer ein at ein burde ha brukt pengane på ein meir nøktern bil og spara opp ein buffer i fall noko uføresett skulle skje. Men ein ofrar ikkje kjøpet av den fine bilen ein tanke om ein ikkje mistar jobben og den gode økonomien held fram.

Kostnadane ved bygginga av kunstsenteret

Arne Sanden ber Porten føreta ein faktasjekk. Kommentaren er bygd på ei forståing av at Kunstsenteret kostar kommunen ein del pengar, det er ikkje spesifisert kor mykje. Det som likevel står om kostnadar knytt til Kunstsenteret er følgjande i høve dei drygt 20 millionane som har forsvunne i inntekter konsesjonskraft og eigedomsskatt: «Ein kunne ha bygd eit kunstsenter annankvart år, med grunnarbeid og det heile (utan sponsorar eller tilskot utanifrå)» (for desse pengane). 

Sanden opplyser at den «langsiktige lånebelastninga til prosjektet er knytt til eit lånebeøp på 22,571 mill kr.» I tillegg vart det brukt 4 millionar kroner av kommunen sin eigenkapital. Altså kosta Kunstsenteret kommunen meir på investeringssida enn kva som vart antyda i kommentaren. Sanden har heilt rett i at det er greitt å få dei nøyaktige tala på bordet, så kan folk sjølve vurdera om senteret har kosta meir enn det har smakt. Det kostar kommunen 860 000 kroner i kapitalutgifter i 2017.

Statistikk 

Om skulebygningane og barnehagen på Øyri skriv Sanden « At nybygga og dei renoverte bygga vart spesielt dyre eller prangande og flotte, har eg og store vanskar med å sjå. Her kan me enkelt samanlikne oss med kva som er bygt og renovert i andre kommunar i same tidsperiode.» Vidare at det var eit stort behov for denne renoveringa.

At ei renovering var påkravd er sjølvsagt, noko anna hevdar me heller ikkje. Men me seier at tre skular og to basseng på knappe 2200 innbyggjarar er noko mange vil hevda noko ein rik kommune kan kosta på seg. Vidare at: «Skulane har ein fysisk kapasitet på langt over det doble av elevtalet. Også barnehagane har plass til mykje fleire ungar enn kva som finst. Men ein har altså ikkje råd til å utnytta denne plassen.»

Faktagrunnlaget for denne påstanden er følgjande: Av skulebruksplanen går det fram at skulane i Lærdal har ein samla kapasitet på over 500 elevar. Det er no under 250 elevar i Lærdal. For barnehagane sitt vedkomande er ein av sju avdelingar på Lærdalsøyri barnehage stengt. Kommunen vil budsjettera med å stenga ned ei avdeling til i 2017. Dette skjer 6-7 år etter renoveringa/ombygginga av barnehagen.

På dette grunnlaget stilte me spørsmål i kommentaren om det ikkje var mogleg å føreutsjå nedgang i barnetalet - eller at det i alle fall ikkje ville gå oppover. Vidare nemner me at det er bygd meir enn det er behov for i Lærdal.  Av skulebruksplanen går det fram at elevtalet var under 300 i Lærdal også i skuleåret 2009/2010 - og det heldt fram å falla trass god auke i folketal dei påfølgjande åra.

Både 2004 og i 2008 (Sanden viser til 2008 som året ein berekna barnetal i det vidare) var det om lag nøyaktig like mange innbyggjarar i Lærdal som i dag, rundt 2170. Så gjekk det opp til 2224 i toppåret 2011 før det igjen har gått ned til 2008-nivå. Så det er ikkje færre folk i Lærdal enn i 2008, men færre ungar. At det ville koma ei eldrebølgje visste ein i 2008. 

Sanden skriv at ein nytta all tilgjengeleg statistikk både då ein planlagde ny idrettshall og småskule i 2004/2005 og då ein skulle renovera Lærdalsøyri skule i 2009/2010. Så då har me fått hans svar på spørsmålet me stilte.

Drift og investeringar

Sanden skriv at drifta av kulturhuset, museum, kino og FDV på kulturhuset har vorte 100 000 kroner rimelegare i året etter at Kunstsenteret kom. Han skriv også at driftsutgifter til FDV ved skulebygga er om lag 1,6 millionar kroner lægre i 2015 kontra 2009.

Me innrømmer at følgjande påstand i kommentaren vår var lite nyansert: «Og moglegvis ei utegløyming av at stort sett alle investeringar pådreg seg drift.» Når ein set opp eit bygg, blir det stort sett driftskostnader i neste omgang. Men investeringar som effektiviserer kan ta ned driftskostnader - det er klart, og difor kunne dette ha vore meir nyansert.

Men det står det ikkje noko i kommentaren om korleis kunstsenteret belastar driftsbudsjettet til Lærdal kommune. Det står heller ingenting om at skulebygga og barnehagane er vortne dyrare i drift.

Men som nemnd spør me om det hadde gått an å gjera dette meir nøkternt. Det er eit spørsmål om skjønn og kva ein oppfattar som naudsynt og ikkje. Fakta er at dei nemnde investeringane ført til låneopptak på 107,5 millionar kroner (22,5 på Kunstsenteret og 85 på skule og barnehage) - var kvar million nødvendig?

Fakta når det gjeld kommunegjeld er i følgje ei oversikt VG har laga at i 2007 var den kommunale gjelda per innbyggjar 56 500 kroner i Lærdal. I 2011 var gjelda auka til 109 000 kroner per innbyggjar, totalt 241 millionar kroner. Per innbyggjar hadde Lærdal nesten dobbelt så stor gjeld som landssnittet medan ein fire år før låg ganske nær snittet. Lærdal var i 2014 den mest gjeldsbelasta kommunen i fylket i høve innbyggjartal og den sjette mest gjeldsbelasta kommunen på Vestlandet. Dette i følgje nemnde oversikt basert på KOSTRA- og SSB-tal. Og sjølv om renta har vore låg ei stund og er det framleis trur vel dei færraste dette varar i all overskodeleg framtid.

Å ikkje henga att i fortida

Summa summarum meiner Arne Sanden det blir brukt for mykje pengar til administrasjon i Lærdal kommune, vidare at utgiftene her har auka vesentleg dei seinare åra og at slike utgifter har gått vesentleg ned for Årdal kommune sitt vedkomande. Det er dette som gjer at kommunen er komen i eit økonomisk uføre, ikkje bygging og i mindre grad nedgang i kraftrelaterte inntekter enn kva som blir hevda. 

Det siste grunngir Sanden med at Stuvane kraftverk har gitt Lærdal kommune inntekter som ikkje blir omtala. Desse inntektene er budsjettert til å liggja på i overkant av fire millionar kroner per år dei komande fire åra. Også med Stuvane kraftverk på hendene er det altså ein stad mellom 17 og 18 millionar kroner mindre å spela på i kraftrelaterte inntekter for 2017 i høve 2012.

Poenget til Sanden med slanking av administrasjonen er heilt klart på sin plass. Det er eit spørsmål kva ein får att av konsulentutgifter di meir ein slankar administrasjonen, det er vanskeleg å seia noko om. Me oppfattar i alle fall at omorganisering og effektivisering står høgt på den politiske agendaen i Lærdal no.

Me gjer eit poeng i kommentaren av at store investeringsprosjekt ligg i støypeskeia i Lærdal. Ombygging ved bu- og omsorgsheimen som har ein prislapp på 71 millionar kroner etter at ein har teke ut elementet med varmegjenvinning. Kva heile prosjektpakka på Håbakken vil kosta kommunen veit ingen slik me oppfattar det. 

Difor meiner me det er tida for å spørja om det går an å gjera ting meir nøkternt. Må ombyggingsprosjektet kosta 71 millionar kroner også etter ein har teke ut dette elementet? Ein skal spara millionar på drift, kor sikkert er det? Og kva kan prisen bli? Enno nokre hakk opp på lista over dei mest gjeldstynga kommunane og første klasse-billett inn på Robek? Me spør, som journalistar gjerne gjer.

Veit ein at ein får publikumsretta verksemd der trafikkstasjonen ligg på Håbakken? Viss ikkje, bør ein ikkje i alle fall sikra seg etablerarar her før ein tek kosten med å flytta stasjonen? Me trur ikkje Vegvesenet tek denne kosten.

Det er det me meiner om å læra av historia. Og hovudpoenget i kommentaren er at det er det historia bør nyttast til - læring, verken meir eller mindre. Å henga att i historia og krangla om det som er gjort var feil eller ikkje, korleis det burde ha vorte gjort og så vidare har lite for seg, utover det ein måtte dra av lærdom. 

Vidare er det sluttpoenget me tykkjer er viktig; å ikkje leggja seg ned i skyttargravene, men bruka dei gode kreftene og ressursane me har på best mogleg og konstruktivt vis. Svaret frå Sanden gjer ikkje at poenget framstår mindre viktig. 

Til toppen