KONTROLL: Anne Grøttebø (f.v.), Renate Fossen, Kristen Olav Grøttebø og leiar Astrid G. Trulssen i marknadsnemndi meiner dei har god kontroll nokre dagar før Lærdalsmarknaden opnar. Foto: Ole Ramshus Sælthun
KONTROLL: Anne Grøttebø (f.v.), Renate Fossen, Kristen Olav Grøttebø og leiar Astrid G. Trulssen i marknadsnemndi meiner dei har god kontroll nokre dagar før Lærdalsmarknaden opnar. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Lærdalsmarknaden: Dei har kontroll før den store opninga

Helgas marknad består av faste innslag og nokre nye tilskot – turnframsyning, eit av Noregs største Balkan-band og allsong søndagen. 

Lærdal: Når Porten.no møter marknadsnemnda «veka før helga» har 85 seljarar booka bodplass på Gamle Lærdalsøyri.

– Det tykkjer eg er veldig fint. Då kan me ta hand om seljarane på ein rimeleg måte, seier nemndsleiar Astrid G. Trulssen.

– Alle seljarar som er påmelde til no har vorte plasserte, opplyser Renate Fossen i nemnda.

Nytt av året er at seljarar får stå gratis i Øyragata frå Lærdalsøren hotell mot «nye» sentrum. 

– Me vil få skapt litt liv i dette området att, så då tilbyr me gratis plass her. Leige av bod kostar, men har ein alt av utstyr sjølv, betalar ein ingenting, seier Grøndal Trulssen.

Artikkelen held fram under biletet

VAKRE RÅMER: Marknadsnemndi håpar på godt vêr for vakrast mogleg råmer under årets marknad.
VAKRE RÅMER: Marknadsnemndi håpar på godt vêr for vakrast mogleg råmer under årets marknad.

– Dei fremste på balkanmusikk i Noreg

Torgsalet er sjølvsagt hjarta i ein kvar marknad, men eit rikhaldig program over tre dagar frå fredag til søndag gjer Lærdalsmarknaden til det den er.

Bodene opnar fredag klokka 13 medan marknaden har si offisielle opning klokka 18 ved ordførar Jan Geir Solheim etterfulgd av dans frå Lærdal linedance, tradisjon tru.

– Dei berre må ha det tidspunktet, seier Grøndal Trulssen.

Tradisjonelle er også bandstanden fredag kveld, framsyningane til Seniordansen og Speletreffen laurdag, pluss sommargudstenesta søndag.

Men programmet inneheld også ei rekkje nye innslag; mellom anna konserten fredag med Gjertrud`s Sigøynerorkester. 

– Dette er dei fremste på balkanmusikk i Noreg, ingen ved sidan av, meiner eg, seier Kristen Olav Grøttebø i nemndi.

Opnar galleriet for sesongen

GALLERI: Kristen Olav Grøttebø opnar galleriet sitt på Løytnantsbryggja for sesongen under Lærdalsmarknaden.
GALLERI: Kristen Olav Grøttebø opnar galleriet sitt på Løytnantsbryggja for sesongen under Lærdalsmarknaden.

Andre nye postar på programmet er turnframsyning i Rådhusparken søndag, og allsong i Kvammegården seinare på ettermiddag same dag.

– Me håpar spesielt søndagen tek seg opp ved å ha desse programpostane, som me meiner vil kunne dra folk ned, seier Grøndal Trulssen.

For Grøttebø markerer også Lærdalsmarknaden opninga av Galleriet hans nede på Løytnantsbryggja. Her held han ope heile marknadshelgi og kvar dag utover sommaren – meir eller mindre.

Han har måla sidan starten på 90-talet; hovudsakleg går det i billedlege motiv av natur, mykje frå Lærdal og Jotunheimen – men fleire av måleria hans beveger seg mot det abstrakte.

VARIASJON: Grøttebø har stor variasjon i verka sine – frå billedlege «Hedler» til venstre til abstrakte «Trist som faen» til høgre.
VARIASJON: Grøttebø har stor variasjon i verka sine – frå billedlege «Hedler» til venstre til abstrakte «Trist som faen» til høgre.

– Dette har eg kalla «Trist som faen» og er  måla med ein spesiell teknikk eg lærde på eit kurs tidlegare i år der eg nyttar ei fille til å få desse mønstera, forklarar Grøttebø.

Ved sidan av står biletet «Hedler» som er eit svært billedleg motiv med perspektiv frå Mjølkeflaten mot Hedler og Lærdalsfjorden.

– Målarar har jo gjerne ein stil; måleria dine ligg i eit svært stort spenn mellom det abstrakte og billedlege. Korleis har det seg at du varierer så mykje?

– Når eg har måla ein del abstrakt treng eg å jobba meir med billedlege måleri. Viss ikkje er det fort at eg kan hamna vel langt uti det abstrakte så det til slutt berre blir eit måleri med ein farge. Så for at det skal vera att noko konkret i det abstrakte treng eg å veksla slik mellom stilartane, seier Grøttebø.

Tema: idrett

Med andre ord er det duka for ein variert Lærdalsmarknad komande helg.

– Temaet i år er idrett, så me startar med brask og fram i form av oppmarsj i regi av Lærdal idrettslag, fortel Anne Grøttebø.

Les også: Håpar at mange tek på seg gamle idrettsdrakter under oppmarsjen

Ingen veit nøyaktig kor mange som plar vera innom Lærdalsmarknaden, men nemndsleiar Trulssen anslår rundt 10 000 besøkjande til saman på dei tre dagane.

– Så håpar me sjølvsagt på godt vêr. Prognosane varierer mykje førebels, så eg ser ikkje mykje på vêrmeldinga enno.

Til toppen