FLYKTNINGER: Under kommunestyret torsdag peika Anna Avdem (SV) på at  fleire nabokommunar har vedteke å ta imot fleire flyktningar, men at i Lærdal har ikkje spørsmålet vore reist. Foto: Ina Eirin Eliassen
FLYKTNINGER: Under kommunestyret torsdag peika Anna Avdem (SV) på at  fleire nabokommunar har vedteke å ta imot fleire flyktningar, men at i Lærdal har ikkje spørsmålet vore reist. Foto: Ina Eirin Eliassen

Lærdalsordføraren er positiv til å ta imot 88 flyktningar

Anna Avdem (SV) utfordra ordførar Jan Geir Solheim (Sp) på busetting av syriske flyktningar i Lærdal i tida framover. 

– Kvifor har ikkje Lærdal kommune fått ei sak med spørsmål om me kan ta imot flyktningar, og i tilfelle kor mange, spør Anna Avdem (SV) under spørjetimen i kommunestyret i Lærdal torsdag. 

Ho syner til at rikspolitikarane nyleg vart samde om at Noreg skal ta imot 8000 ekstra kvoteflyktningar frå Syria i løpet av dei tre første åra. Avdem peika på at  fleire nabokommunar har vedteke å ta imot fleire flyktningar, men at i Lærdal har ikkje spørsmålet vore reist. 

– Dårleg samvit over tid

– Eg sett pris på at du tek initiativ til å ta opp denne saka, seier Solheim (Sp) som vedgår at saka har gitt han dårleg samvit over tid. 

POSITIV: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er positiv til å ta imot 28 syriske flyktningar. Saka skal i kommunestyret i september.
POSITIV: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er positiv til å ta imot 28 syriske flyktningar. Saka skal i kommunestyret i september.

Han fortel at alle ordførarar har i lengre tid vore utfordra av både Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI), Kommunenes Sentralforbund (KS) og regjeringa. Etter vedtak om 8000 syriske kvoteflyktningar til Norge, betyr at Lærdal er oppmoda om å ta imot 28 syriske flyktningar ekstra. 

– Utfordringa vår i Lærdal er at me ikkje klarer å busette dei flyktningane me alt har forplikta oss til. Lærdal kommune har sagt ja til å busette 60 flyktningar i 2014, 2015, 2016 og 2017. Til no har me berre klart å busette 13 av desse, seier Solheim. 

Les også: Mangel på bustadar til flyktningar

Må løyse tilgang til bustader

Han forklarar at grunnen til at han har avventa saka, er at ein i Lærdal manglar bustader. Flyktningar blir berre busett på Lærdalsøyri, på grunn av at dei er avhengig av transport for å kome seg til norskopplæring i Sogndal. 

For å oppfylle kommunestyrevedtaket på å busette 60 flyktningar, meiner Solheim ein må ta i bruk heile kommunen, slik kommunestyret alt har vedteke. 

– Då må me rigge for å faktisk kunne gjere det. Det står fleire ledige hus og det må byggast nye. Mange kommunar ser dette som ein moglegheit for å bygge nye hus og det finst statlege ordningar til å bygge nye hus for å ta imot flyktningar, seier han. 

Postitiv til å ta imot fleire

– Eg er positiv til å ta imot flyktningar. Og eg tykkjer me skal ta utfordringa med 28 flyktningar ekstra frå Syria. Det betyr at me skal ta imot 88 menneske innen 2017 er omme, seier han.  

Solheim ønsker ei sak i kommunestyret 17. september der ein tek stilling til å ta imot minimum 28 syriske flyktningar, men samstundes halde oppe trykket på dei 60 som kommunen alt har forplikta seg til. Til då vil ordføraran at administrasjonen greier ut moglegheitene for transport slik at ein kan busette i heile Lærdal, sjå på problematikken med ledige hus og eventuelt bygging av nye, i tillegg til å opprette norskopplæring i Lærdal. 

– Alle må gjera ein jobb

Avdem er nøgd med det offansive svaret, sjølv om det er snakk om ambisiøse tal.

– Då ein berre har busett 13 flyktninger til no, har me ein jobb å gjere fram til saka kjem i kommunestyret, seier Avdem. 

Ho legg til at ho ikkje treffer dei nye lærdølene i Lærdal, men gjennom jobb og på bussen til og frå. Avdem etterlyser møteplassar i Lærdal, slik at ein har sjanse til å treffe dei og bli kjent. 

– Det er flotte folk og ein ressurs for oss. Skal dei trivst her må me alle involvere oss. Det er ei utfordring me bør ta på fellesen, seier ho. 

Til toppen