SJUKEMELD: Varaordførar Trond Øyen Einemo (H) (f.v) er fungerande ordførar, medan ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er sjukemeld. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
SJUKEMELD: Varaordførar Trond Øyen Einemo (H) (f.v) er fungerande ordførar, medan ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er sjukemeld. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Lærdalsordføraren er sjukemeld

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal (Sp), som vart vald inn til sin andre periode i september, er no sjukemeld i to veker. 

Lærdal: Årsaka til sjukemeldinga skal vera ei kraftig betennelse i kroppen. Difor blir Solheim borte i to veker. 

Varaordførar Trond Øyen Einemo er sett inn som fungerande ordførar i tida Solheim blir borte. Det skriv Lærdal kommune i ei pressemelding. 

Til toppen