FÅR ROS: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp) og Lærdal kommune fekk skryt av analyseselskapet Retriever for måten dei handterte storbrannen på i media. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FÅR ROS: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp) og Lærdal kommune fekk skryt av analyseselskapet Retriever for måten dei handterte storbrannen på i media. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Lærdalsordføraren letta over mediedommen etter storbrannen

Ordføraren i Lærdal Jan Geir Solheim måtte innrømma at han var letta over dommen analyseselskapet Retriever gav Lærdal kommune etter storbrannen i januar.

Ordføraren i Lærdal Jan Geir Solheim måtte innrømma at han var letta over dommen analyseselskapet Retriever gav Lærdal kommune etter storbrannen i januar.

Måndag ettermiddag blei det halde ekstraordinært kommunestyremøte i Lærdal, der politikarane var samla for å få den såkalla mediedommen etter storbrannen i januar, som tok 40 hus.

Og dommen, den var gjennomgåande positiv, noko som gjer ordførar Jan Geir Solheim letta.

– Eg er letta. Eg visste ikkje kva som kom til å komma fram her. Eg er overraska når eg ser kor stort dette er for det visste eg ikkje, seier han til Porten.no.

6. største nyhendesaka

Det er ingen tvil om at presset frå media var stort då det storma som verst. I perioden 18. januar til utgangen av mai var brannen omtalt 6.629 gonger av norsk og utanlandsk media. I første kvartal for 2014 var brannen i Lærdal den 6. største nyhendesaka i landet.

– Det mest spesielle er den massive medieomtalen. Det har vore mykje, mykje meir omtale enn i andre liknande saker, som dei to andre brannane på same tid eller andre ulykker ilaupet av året, og det i seg sjølv er spesielt fordi det seier noko om kva kommunen har måtta handtera.

Det seier analysesjef i Retriever Kristina Nilsen til Porten.no. Ho var tilstades og framførte analysen saman med kollega Håvard Nervik.

Lik informasjon

I analysen trekk dei spesielt fram hovudbodskapen til Lærdal kommune då brannen braut ut – at prioriteten var «liv og helse», ikkje ei «unik trehusbebygging», og dette var ein bodskap samtlege framtredande aktørar kommuniserte.

– Du seier du er letta. Kva hadde du frykta?

– Eg frykta måten me stod fram på for eg fekk ikkje med meg alt som blei sagt. Dei første dagane hadde me ikkje kommunikasjon med kvarandre, så eg visste ikkje om politiet, dei eg jobbar saman med og dei som mista husa sine faktisk sa det same. Det er veldig godt å høyra at me gjorde det. Det viser det gode samfunnet me lever i, svarar ordføraren.

– Du kan tenkja deg den jobben som ligg bak. Det å alltid svara på same måte og koma med same informasjon, samstundes som ein skal visa empati, er veldig krevjande. Dei har vist ein stor kapasitet, legg Nilsen til. I rapporten rosar dei ordføraren. 

Heltedyrking

«Solheim er omtalt i 20 prosent av alle oppslaga som omtalar eller nevner brannen. Det er ein høg andel og viser at Solheim, trass i krisesituasjonen, har vore synleg og tilgjengeleg for media», heiter det i rapporten. Saman med Odd Helge Brugrand og Alf Olsen var de desse tre som uttalte seg mest.

Desse, saman med ei rekkje andre aktørar, blei seinare dyrka som heltar i media. Det er heilt normalt, fortel Nilsen.

– Det som er det spesielle her er at det berre var heltedyrking og ingen leit etter ein syndebukk. Eg trur det handlar om at media hadde sympati, men også at kommunen handterte det ryddig frå start av slik at det ikkje var lause trådar pressa kunne nøste opp i, fortel analysesjefen.​

Imponert over innbyggjarane

Også innbyggjarane i Lærdal blir omtalt med gode ord i analysen, og Solheim takkar både dei og medarbeidarane for jobben som blei gjort.

– Det er ikkje berre måten me framstår i media på som er viktig her, men alt som skjedde bak. Det gjorde at eg følte meg trygg og god då eg snakka med media fordi eg såg kor flinke folk me har, som gjorde jobben sin og løyste oppgåver, seier han og fortset:

– Eg håpar innbyggjarane hadde det same inntrykket i etterkant. Eg er imponert over korleis dei har handert dette for det har vore eit voldsomt mediepress. Dette er jobben min, men at dei takla dette så bra, er imponerande.

Medieanalysen er utarbeida av Retriever, Nordens største leverandør av medieovervaking, verktøy for redaksjonell research og medieanalyse, på oppdrag frå Lærdal kommune.

Til toppen