Lærdalsturneringa doblar deltakinga etter fleire år med nedgang
(Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Lærdalsturneringa doblar deltakinga etter fleire år med nedgang

Årets utgåve av den populære turneringa ser ut til å bli ein opptur for arrangørane.

Lærdal: Etter fleire år med synkande tal deltakande lag er det kraftig oppsving i påmeldinga til Lærdalsturneringa, som blir arrangert første helga i september. 

Det går fram av ei pressemelding. 

– Me har gjort ein stor innsats for å auka attraktiviteten til turneringa, og det ser ut til å ha fungert svært bra, seier turneringsleiar og leiar i fotballgruppa i Lærdal idrettslag, Jan Tore Stølen.

31 klubbar påmelde

Turneringa er for born og ungdom i alderen ni til 14 år, og har vorte arrangert sidan 2002. Etter eit par år med nedgåande trend i tal deltakande lag ligg 2019-versjonen an til å bli ein real opptur.

– Per no er det trettiein lag påmelde, og då har me meir enn dobla turneringa frå i fjor. Truleg kjem fleire lag til dei næraste dagane, så me kan nok bikka 35 lag, fortel Stølen.

Det kjem lag frå nesten alle kommunane i Sogn, i tillegg er det påmeldt lag frå både Eikefjord og Naustdal (Tambarskjelvar IL) frå Sunnfjord.

Mange hordalandslag finn òg vegen til Sogn denne helga; totalt er det påmeldt åtte lag frå klubbane Voss, Valestrand/Hjellvik, Samnanger og Fyllingsdalen. Frå Hemsedal kjem fem lag og Geilo har også meldt seg på.

– Det er utruleg kjekt at så mange vil koma på turneringa vår, seier Stølen.

Triksekonge, boblefotball og bruskassestabling

Fotballgruppa har lagt ned stor innsats i å få til eit spennande program rundt turneringa. Brynjar Fagerli, kjent frå Fagerlibrothers – som blant anna har vunne EM i triksing – kjem for å halda både trikseshow og trikseskule laurdag ettermiddag.

Det blir boblefotball som alle spelarane kan prøva mellom kampane, bruskassestabling med sikring frå kran, ope symjebasseng og kino – mellom anna.

– Me tykkjer me har fått til eit veldig fint program og det som er så greitt med turneringa vår er at alt ligg i gangavstand. Dessutan er det overnatting og servering på Lærdalsøyri skule, som ligg rett ved sidan av fotballbanene, fortel Stølen.

Håpar på fleire påmelde

Han håpar også enno fleire lag melder seg på dei siste dagane, og at mange publikummarar finn vegen til Lærdal stadion denne helga.

– Me held påmeldinga open nokre dagar til, så det er ikkje for seint. Så håpar me sjølvsagt på bra oppmøte på tribuna så det blir mykje liv og røre rundt kampane.

Til toppen