Lærdal: - SIMAS har satsa tungt på kompost og ikkje minst heimekompostering. - På kursa får deltakarane ei innføring i grunnprinsippa om kompostering, seier Christian Zurbuchen, ringleiar i Økoringen Vest.
Eit tilbod til abonnenentane frå SIMAS er at viss ein tek dette kurset og forpliktar seg heile året til å kompostera hushaldavfallet, vil det bli fråtrekk på 35 prosent på renovasjonsavgifta.
– Eitt av miljøtiltaka ein kan gjera sjølv
Kursa blir haldne tre ulike stader i Sogn kvart år; i år har det tidlegare vore kompostkurs i Høyanger og på Leikanger. Denne veka vart årets siste kurs halde i Lærdal, og kursdeltakarane fekk høyra kvifor heimekompost løner seg – utover fråtrekk i renovasjonsavgifta:
– Det er eitt av dei miljøtiltaka ein kvar kan gjera, og kurset gir innsikt i prosessen. Viss organisk avfall berre blir liggjande dannar det seg klimagass i form av metan og avrenning kan føra til forureina vatn. Dessutan sparar ein mykje transport ved heimekompostering, sa Zurbuchen.
Artikkelen held fram under biletet

Når han held eit tretimars kurs i heimekompostering, er det fordi det krev litt meir enn berre å dumpa avfallet i ein haug og venta på at det blir til jord.
– Reint matavfall inneheld for mykje nitrogen. Ein får karbonhaldig flis på miljøstasjonane med rett struktur og rette eigenskapar som skal tilsetjast matavfallet. Så må ein ha dette i ein vintersikker boks. Den kan ein snekra sjølv elelr kjøpa hjå SIMAS. Med denne sikrar ein seg for at ikkje rotter og mus kjem inn, forklarar Zurbuchen.
I tillegg bør ein blanda jorda ein får i behaldarane med hageavfall på våren; då blir sluttresultatet bra.
– SIMAS tilbyr ein duk for å hindra at lauv og liknande tørkar ut, bles eller regnar vekk, seier Zurbuchen.
– No kan me byrja å kompostera her i heimen
Til stades på kurset i Lærdal var fem kursdeltakarar frå Sogndal, Jostedalen og Årdal.
Ein av dei tre årdølene var Sandra Opheim, som lêt vel om kurset.
– Eit veldig bra kurs og flink kurshaldar med mykje humor. No kan me byrja å kompostera her i heimen i alle fall.
Ikkje veldig mange kursdeltakarar til trass; Opheim meiner det er aukande interesse for å laga sin eigen kompost:
- Zurbuchen viste til tal på kor mange som driv med dette i Sogn og det var fleire enn eg trudde. Ein måte å leggja til rette for at enno fleire gjer dette frå kommunane si side er jo nettopp slike kurs og at ein får fråtrekk i renovasjonsavgifta. Matavfallet er absolutt ein ressurs som bør nyttast på rett vis.