Lærde om handverkstradisjonar i autentisk miljø

Elevar i Lærdal fekk ei innføring i korleis dei jobba med tre, metall og måling i riktig gamle dagar denne veka. Sjå fotogalleri!

Lærdal: - Me har fire stasjonar der elevane får prøva seg på ulike typar av handverksarbeid på gamlemåten. Her i Lærdal har dei funne folk som er veldig flinke til å formidla dette arbeidet for elevane, seier Merete Winness, leiar for eigedoms- og museumsavdelinga i Fortidsminneforeininga.

I samband med prosjektet "Kulturminner for alle" med stønad frå Sparebankstifinga DNB køyrde foreininga ein dag for elevane i Lærdal med dette opplegget ved Borgund stavkyrkje denne veka. 

Laga målinga sjølve

Opplegget bestod hovudsakleg av fire stasjonar elevane rullerte mellom. På kvar stasjon synte fagfolk fram korleis dei gjorde det før i tida. Rune Nicolaysen stod i den opne smia, Hans Maramsrud synte fram tradisjonelt arbeid med tømmer, hjå Ole Fredskild svinga elevane høvelen og gjorde anna overflatearbeid, medan Håkon Li hadde stasjonen med måling.

- Slik måling nyttar kunstnarar også. Knut Rumohr, til dømes - men han nytta berre eggeplomma, ikkje heile egget, seier Håkon Li medan han instruerer elevane korleis dei skal blanda målinga.

Ei gruppe turistar følgjer nysgjerrig med på kva som går føre seg.

- You can eat it; it is not poison, seier Li til dei.

Han er driftsleiar ved Borgund stavkyrkje, medan smed Nicolaysen har jobba mykje med dei historiske vegane i Lærdal og laga smijernsportane ved stavkyrkja. Maramsrud har gjort restaureringsarbeid ved mange stavkyrkjer i Noreg og Fredskildhar også gjort ymse arbeid i samband med dei historiske vegane i Lærdal.

- Flinke folk er viktig for dette prosjektet fordi formidling av desse handverkstradisjonane er hovudføremålet med prosjektet, seier Winness.

- Elevane tykkjer det er veldig kjekt

Kunst- og handverkslærar ved Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule, Inger Kari Selås, tykkjer det er viktig at elevane lærer litt om desse tinga i praksis.

- Dette er jo historie, og historia pliktar ein eigentleg å kunne litt om. I Lærdal har me dessutan mykje gamle hus og bygningar, så då blir det naturleg at dette står sentralt. Kunst- og handverksfaget har endra seg veldig mykje i løpet av denne tida eg har undervist, og slike handverkstradisjonar har det vorte mindre av. Og på eit punkt svinga pendelen så langt ut at eg trur ein no ser ein må ta handverkstradisjonane meir innatt i opplæringa.

- Og elevene tykkjer det er veldig kjekt, her får dei også brukt kroppen litt, held ho fram.

Elevane Anja Evensen Brugrand, Ida Mathilde Hille, Stine Ljøsne, Agnethe Gjerde Stølen og Sila Einemo tykkjer det er kjekt med ein slik dag, og blir einige om at stasjonen med måling var spesielt artig.

Dei fekk også i oppdrag å bora hôl i ein tjukk tømmerstokk med eit heilt manuelt bôr - der fekk dei verkeleg prøvd kreftene.

- Me skulle laga hôl heilt gjennom. Det fekk eg til, men eg fekk ikkje bôret oppatt seier Ljøsne-

 

Til toppen