Lærde om korleis dei skal unngå husbrann

Elevar ved Lærdalsøyri skule fekk både prøva å slukka ein brann og høyra om kva dei bør tenkja på når dei ladar mobilar og nettbrett.
 

Lærdal: Fredag vart elevar i 6. og 9.klasse ved Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule inviterte med på eit opplegg i regi av Lærdal Energi og Lærdal Brann og Redning. Tanken bak dette kurset var å gje elevane kunnskapar om kva dei kan gjera for å
unngå husbrann og korleis opptre om brann skulle oppstå.

– Kurset var delt inn i to. Olav Ødegård ved Lærdal Energi orienterte mellom anna
om kva elevane bør tenkje på ved lading av telefon, nettbrett og så vidare. Bjørn
Fodnes og Magnar Horge tok vidare elevane med på ei orientering om kva
arbeidet deira i brannvesenet går ut på, og avslutta med at alle elevane
fekk prøva seg på å slukka ein brann, seier lærar Agnar Aarethun.

Han fortel elevane tykte dette var eit flott opplegg som både gav dei noko å tenkja
på, og samstundes gav dei praktiske ferdigheiter som kan koma godt med om
noko skulle skje.

– Olav Ødegård seier dette er eit opplegg ein vonar skal vidareførast
framover, noko lærarane ved Lærdalsøyri skule er svært glade for.

Til toppen