KONSERT: Fyrstkommande laurdag skal gruppa Goldlog halda konsert i kulturhuset i Lærdal. Foto: Privat
KONSERT: Fyrstkommande laurdag skal gruppa Goldlog halda konsert i kulturhuset i Lærdal. Foto: Privat

Lærdøl i spissen under Goldlog konsert

På laurdag held Stord-gruppa Goldlog, med Jonas Selås Olsen på gitar, konsert i kulturhuset i Lærdal.  

- Jonas er ein dyktig musikar som eg sjølv hadde som  elev i mange år, seier Magne Grøttebø, rektor ved kulturskulen i Lærdal. 

Sjølv gleda han seg stort til den kommande konserten på laurdag. 

Ein vel bevart løyndom

Laurdag 12. mars spelar gruppa frå Stord konsert i kulturhuset i Lærdal. Etter platedebuten i 2005, har bandet haldt konsertar på alt frå dei finaste sm-scener til nokre av Norges største festivalar. 

- Sidan 2003 har Goldlog etablert seg som ein vel bevart løyndom av det behagelege slaget, seier Grøttebø. 

Gruppa har vore på fleire turnear både i Skandinavia og ein visitt til Aten. 

Goldlog er no klare for å presentera sitt fjerde studioalbum, og er difor i gang med ein miniturne med åtte, eksklusive konsertar i Sør- og Vest-Norge. Dei skal blant anna innom Kristiansand i sør, og Lærdal i nord. 

Fyrste gong i Lærdal

Olsen var ikkje med då gruppa starta opp, men har blitt eit medlem den siste tida. 

I dag jobbar han som musikklærar på Høgskulen i Stord/Haugesund. 

- Jonas er ein utflytta lærdøl som har har markert seg på musikkfronten. Han har gjort musikk og kreativitet til levebrødet sitt, seier Grøttebø.

Goldlog har base på Stord i Sunnhordaland og vert fronta av ekteparet Ingjerd og Ian Kolstad. Dei har renommé som eit solid liveband med eigenart og finslipt scenisk kjemi, og med musikarar som gleda seg til å framføra musikken sin for folk og drott, går det fram i ei pressemelding. 

- Det er fyrste gong dei spelar i Lærdal og eg gleda meg stort. Eg syns alltid det er kjekt når det skjer litt i bygda og håpar sjølvsagt så mange som mogleg vil komma, seier Grøttebø. 

Det fjerde albumet til gruppa er ifølge dei sjølve, eit ambisiøst, lite kunst-pop prosjekt med tittelen ”the Infinite Disclosure of Life when Silent”, ein komposisjon som fyller heile A-sida på kvintetten sin vinyl.

Til toppen