Lærdal/Bergen: Trioen bevegar seg i eit slags fantasifullt ingenmannsland mellom elektronika, organisk pop og noko meir mystisk og eventyrleg. Dei hadde allereie bygd seg ein solid fanskare før dei platedebuterte til gode kritikkar i 2014.
Tidlegare i år fulgde dei opp med albumet «Kem Som Kan Å Leve» som også fekk strålande anmeldingar. No slepp dei ein ny video til låta «Rett Ned» frå albumet. Videoen er laga av den nederlandske biletekunstnaren Simone Hooymans som er busatt i Ålvik i Hardanger. Videoen tok heile to månader å laga.
Artikkelen held fram under videoen.
Handlaga teikningar
Hooymans hadde tidlegare laga videoen til låta «Sweet Mysterious» frå vokalist Mari Kvien Brunvolls Spellemann-nominerte soloalbum - ein video som har vunne to prisar og blitt vist på ei rekkje festivalar rundt i verda.
– Eg hugsar eg byrja å gråta då ho kom heim til meg for å visa den på prosjektoren i stua vår. Eg blei verkeleg veldig rørd av møtet mellom musikken min og arbeidet hennar, seier Kvien Brunvoll og held fram:
– Denne gongen kjende me kvarandre godt, og sidan ho fikkkort frist frå oss, jobba ho superkonsentrert natt og dag i om lag to månader for å få den ferdig. Det er jo et stort antal handlaga teikningar som ligg bak det ferdige resultatet, som me tykkjer er heilt magisk