PLATESLEPP: Plateselskapet Just for the records lanserer skiva «Einseto» med Tor Jonsson Orkester og Aasmund Nordstoga fredag 20.mai. Pressefoto. 
PLATESLEPP: Plateselskapet Just for the records lanserer skiva «Einseto» med Tor Jonsson Orkester og Aasmund Nordstoga fredag 20.mai. Pressefoto. 

Lærdøl med plateslepp i mai

Gudmund Bolstad Skjær lanserer saman med Tor Jonsson Orkester og Aasmund Nordstoga albumet Einseto 20. mai. 

Lærdal: Komponistane Hildegunn Hovde og Aslak Brimi har tonesett tekstane til Tor Jonsson saman med den lokale gitaristen Gudmund Bolstad Skjær. 

Hovde og Brimi har alltid hatt fascinasjon for Tor Jonsson (1916-51) sine tekstar, og fekk til 100-årsjubileumet anledning til å arbeida med dei.

Tekstane er kanskje mer aktuelle enn nokon gong. Jonsson stod på barrikadene for å kjempa mot trongsyn, egoisme og urettferd - som me framleis finn framtredande i samfunnet vårt, står det i pressemeldinga. 

Spelar på festival

Gruppa skal spele songar frå albumet Einseto under spele litteraturfestivalen i Aurland i haust.

Tor Jonsson Orkester består av Hildegunn Hovde på song, Aslak Brimi på fele og song, Trond ”Highasakite” Bersu på trommer, Stein Magne Eggen på trekkspel, Aksel Jensen på bass, samt lærdølen og country- og blågrasgitaristen Gudmund Bolstad Skjær.

– Visesongar Aasmund Nordstoga er med på sju av låtene. Så her er det ord og tonar frå Gudbrandsdalen, song frå Telemark, og countrygitar frå Sogn. 

Åleine med seg sjølv

Einseto betyr det å vere åleine med seg sjølv og ha ei stille stund. Diktaren Jonsson hadde mange stunder for og i seg sjølv. I djupet og i kjærleiken. Eller manko på sådan. 

Jonsson hadde eit liv med papir og blyant. Han tok dikta opp frå "einsemddjup" og i dag står dei framleis støtt. Tekstane hans er tidlause, konsise og effektive. Han sette ord på kjærleiken, det å kjenne seg utanfor, sosialt isolert og einsam. Som 35-åring tok Tor Jonsson sitt eige liv. 

– Må ein slite og streve for å lage kunst? Var det dei trange dalane og bygdadyret som gav Jonsson inspirasjon? 

Hildegunn Hovde er frilans sopran og komponist. Aslak Brimi spelar mest slåttmusikk frå Lom, men har også ein fot inne i viseuniverset. No har dei i lag laga musikk som både er djupt dyster, stor og vakker, og vàr og enkel - godt i stil med diktarens ord. 

Til toppen