NOMINERT: Knut Isdal Lindstrøm frå Lærdal er ein av dei nominerte frå Indre Sogn. Foto: Drømmestipendet. 
NOMINERT: Knut Isdal Lindstrøm frå Lærdal er ein av dei nominerte frå Indre Sogn. Foto: Drømmestipendet. 

Lærdøl og årdøl nominert til draumestipendet 

Knut Isdal Lindstrøm (16) frå Lærdal og Aleksander Suk Kinserdal (18) frå Årdal er begge nominert til årets draumestipend på 10.000 kroner. 

Lærdal/Årdal: Både Lindstrøm og Kinserdal er med i konkurransen om å bli ein av dei 100 ungdommane i Noreg som får eit pengestipend til å følgja draumane sine. 

Stipendordningen er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.

– Gjennom denne stipendutdelinga ønskjer me å synleggjere kommunen sitt arbeid for born og unge. Vårt håp er at Draumestipendet skal vere verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylla mange unge kulturutøverar sine draumar, står det på heimesidene til stipendordninga. 

Spelar kvar dag

Det er kommunen som talentet kjem frå som sender ein søknad om nominasjon. I år har Lærdal kommune valt å nominere musikaren Knut Isdal Lindstrøm. 

I søknaden går det fram at Lindstrøm er ein kreativ person, som likar å sysle med musikk og visuell kunst. 

– Eg har spelt piano sidan eg var 8-9 år gamal. Gjennom dei siste åra har eg hatt fleire lærarar, blant anna Øystein Steinsland og Dorina Komani. Dette gjer eg for å oppnå eit så høgt nivå som mogleg, skriv Lindstrøm. 

Han har blant anna representert Sogn og Fjordane fylke i Ungdommens Kulturmønstring heile to gonger. Den eine gongen med musikk, og den andre gongen med visuell kunst. 

– Draumen min er å bli ein så god som mogleg utøvande musikar og eg øver mykje kvar einaste dag for å oppnå dette, skriv han vidare. 

Multi-musikalsk talent 

Mange årdøler har sikkert fått med seg multitalentet Aleksander Suk Kinserdal som bidreg på dei fleste konsertar i kommunen. 

Han har sjølv lært seg å spele piano, bassgitar, el-gitar, kassegitar, saksofon og melodisk slagverk og andre slagverkinstrument.

– Eg har ADHD og er sterkt medisinert for det. Eg har i tillegg ein lett funksjonshemming, og har alltid vore avhengig av elevassistent på skulen. Dette har gjort at eg alltid har hatt lite venner, og vore mykje åleine. Då sat eg ofte heime og lærte meg å spela instrument, skriv Kinserdal. 

DRAUM: Aleksander Suk Kinserdal drøymer om å bli musikar på fulltid.
DRAUM: Aleksander Suk Kinserdal drøymer om å bli musikar på fulltid.

Trass i dette, har Kinserdal vore svært aktiv i både Farnes Skulemusikk, Øvre Årdal Janitsjarkorps og til slutt Regionskorpset Nordvest.

– Etter at eg vart eldre vart eg elev i kulturskulen der eg fekk undervisning på ulike instrument, men mamma eller pappa måtte alltid bli med fordi eg var veldig urolig, skriv Kinserdal som i dag går 2. året på Årdal Vidaregåande. 

Lærer ved å lytte

Draumen om å bli musikaren, er ikkje ein draum Kinserdal alltid har hatt. På eit tidspunkt trudde han at draumen ikkje var mogleg, fordi han var annleis enn dei andre. 

– Eg har ein draum om å bli musikar, ein draum som har vakse i meg meir og meir dei siste åra. Notar kan eg ikkje, men eg har byrja å lære det meg no. Fram til å dag har eg lært meg alt ved hjelp av øyra, skriv Kinserdal. 

Dei aller fleste instrumenta har han heime. I tillegg til å lytta og læra seg andre sine songar, har Kinserdal også laga eigne låter. 

– Den største draumen min er å bli musikar som bassist, og etter kvart kunne undervisa andre i kulturskulen. Eg har derfor bestemt meg for å søkja på Viken Folkehøgskule. Det vil eg fordi dei har ei eiga linje for sånne som meg, skriv han. 

Spela inn musikken

Kinserdal håpar han kjem inn på folkehøgskulen slik at han kan få undervisning i instrumentet sitt, men det beste av alt er likevel sjansen til å få spela saman med andre elevar. 

– Eg drøymer og om å kjøpa meg opptaksutstyr slik at eg kan spela inn all musikken eg har i hovudet mitt. Då vil eg spela alle dei instrumenta eg kan sjølv når eg lagar eigne låtar og spelar dei inn. Eg trur også at det vil gi meg ein større sjanse til å få jobba i Kulturskulen seinare i livet mitt, skriv Kinserdal.

Han håpar at Dramestipendet kan hjelpa han i å få realisera sin aller største draum, nemleg å bli musikar. 

– Fordi musikk er det eg kan aller best, avsluttar han. 

Dei nominerte i 2016 må vera født tidlegast i 1996 og seinast i 2003. I år vert vinnarane offentleggjort 12. mai. 

Til toppen