TRE DISTANSAR: Den utflytta lærdølen Rune Solheim skal springa alle tre distansar under Oslo Maraton for å samla inn pengar til «Aktiv mot kreft». Foto: Privat.
TRE DISTANSAR: Den utflytta lærdølen Rune Solheim skal springa alle tre distansar under Oslo Maraton for å samla inn pengar til «Aktiv mot kreft». Foto: Privat.

Lærdøl spring tre maratondistansar for kreftsaka

Den utflytta lærdølen Rune Solheim skal springa samtlege distansar under Oslo Maraton for å samla inn pengar til kreftsaka.

  • Endret

I helga spring den utflytta lærdølen Rune Solheim alle dei tre distansane under Oslo Maraton for å samle inn pengar til prosjektet «Aktiv Mot Kreft».

Forutan å delta i tre distansar under Oslo Maraton er Solheim aktiv som dagleg leiar i selskapet «Mykjemeir» i Asker. Dette er eit treningssenter for personleg trening.

Gründeren bak treningskonseptet er Yngvar Andersen, som blant anna er kjent frå programmet Puls på NRK.

Laurdag deltek Rune Solheim på alle dei tre distansane under Oslo Maraton. Han fortel at inspirasjonen kom frå Jimmy Vika, som lenge har planlagt å gjera det same for organisasjonen «Right to Play».

– Føremålet «Aktiv Mot kreft» er eit naturleg val utfrå det gode samarbeidet «Mykjemeir» har hatt med organisasjonen opp gjennom åra. Kreftsaka vedkjem stadig fleire av oss, og eg er takknemleg for at «Aktiv mot kreft» gjev meg sjansen til å bidra på eit slikt stunt på så kort varsel, fortel Rune.

Dersom du vil støtta saka, kan du gi 100 kroner ved å senda sms STØTT AKTIV til 2160 eller gå inn og gi ein valfri sum på heimesida.

Til toppen