NYE DISTRIKTSMUSIKARAR: Håkon Høgemo og Tom Karlsrud er ansett som distriktsmusikarar i Sogn og Fjordane. Karlsrud er landets einaste på trekkspel.
NYE DISTRIKTSMUSIKARAR: Håkon Høgemo og Tom Karlsrud er ansett som distriktsmusikarar i Sogn og Fjordane. Karlsrud er landets einaste på trekkspel. (Foto: Privat)

Han er den einaste av sitt slag i landet

Tom Karlsrud frå Aurland er den einaste distriktsmusikaren i Norge på trekkspel, og den første som er knytt til Lærdal kommune.

Lærdal: Til hausten tek Tom Karlsrud med seg trekkspelet då han trer inn i jobben som distriksmusikar i Lærdal kommune.

Karlsrud er ein av 17 distriktsmusikarar tilsett i kommunane i Sogn og Fjordane.

Han gler seg til å koma i gong med arbeidet med å fremja og undervise om lokal folkemusikk, og ser på det som ei stor æra. 

– Det er ei ære. Det er fyrste gongen det er ein distriktsmusikar knytt til Lærdal, og den einaste på  trekkspel.

Karlsrud: – Som å koma heimatt

Jobben som distriktsmusikar går ut på ein blanding av undervisning og opptredenar. Og sjølv om jobben byr på ein del reising vil Karlsrud ha base på kulturhuset i Lærdal, noko han tykkjer er stas.  

– Det vil bli litt reising til og frå skular her i Sogn. Der me blant anna skal læra skule- og kulturskuleelevar å spele og synge lokal folkemusikk som har tilknytning i området, seier han og legg til:

– Å koma til Lærdal er litt som å koma heimatt. Her i Sogn er det Lærdal eg har vore mest knytt til.

Jobba folkemusikk frå Lærdal i 30 år

I 1986, to år etter han hadde fullført utdanninga på Noregs Musikkhøgskule, flytta Karlsrud til Lærdal kor han jobba som lærar på musikkskulen fram til han i 1994 flytta til Aurland.

I Lærdal fann han fort interessa for den lokale folkemusikken. 

– Ein av dei første oppgåvene eg greip fatt i, var å bli kjend med folkemusikken i Sogn. Det var ei dør inn i kultur- og musikklivet her, seier han. 

Og tilfeldigvis, var ein av dei fyrste han tok kontakt med nettopp Håkon Høgemo. Saman gjekk dei inn for å spela inn noko av den gamle folkemusikken på nytt, med fele og trekkspel.

– Det er nestan for godt til å vera sant at me no plutseleg etter 30 år skal få jobba med dette på heiltid, seier Karlsrud. 

– Eg gler med veldig. Eg klør litt i fingrane etter å byrja, seier han. 

Frå solist til sigøynermusikk

I heimbyen Hønefoss fanns det stor interesse for trekkspel. Sjølv oppdaga han instrumentet i tidleg alder. Allereie som 6-åring byrja han på musikkskulen

– Det var nok mange sterke opplevingar, og mange flinke folk som eg såg opp til som la til rette for interessa for instrumentet, seier han. 

VART STOLE: Instrumentet til Karlsrud, eit trekkspel av merket Castagnari, kosta 80.000 nytt. I april vart det stole frå turnébussen, men vart heldigvis funne att. Foto: Privat

Han vart fort god, og vann fleire konkurransar, både Noregs meisterskap og distriktsmeisterskap. Noko han heldt fram med då han starta på musikkhøgskulen frå 1980-84. 

Men trass sigrane, gjekk konkurransane utover musikkgleda hans.

– Det blei eit slags konkurranse-jag. Eg fekk litt avsmak på det. Det tok gleda av musikken frå meg. For meg vart det viktigast med musikken som kom frå innsida, seier han. 

I 1983 medan han framleis gjekk på høgskulen, starta han å spela saman med Georg Reiss. Duoen spelte blant anna jiddisk- og sigøyner folkemusikk. Noko som blant anna har resultert i plata Streif frå 1996, spelt inn i Lærdal. 

– Sidan den gong har den store gleda for meg, vore å spele saman med andre. Særleg ensemblemusikk, seier han. 

Høyr sangen «Ai Azim» frå duoen nedanfor.  

Til toppen