Lærdøl ute med ny singel

Lærdøl ute med ny singel

– Dette er ei sommarforelsking av ein låt.

Måndag er Eirik Sognnes ute med ny singel. «Lun sommarvind» heiter låten hans, som han sjølvsagt håpar skal slå an og bli ein sommarfavoritt hjå folket.

– Det er nerver. Eg er veldig spent på mottakinga. Når ein skriv ein låt og jobbar med ho, er låten gjennom mange prosessar frå «Dæven, denne er konge» til «Dette er ikkje heilt...». Det er veldig svingande. Eg håpar folk likar låten, seier han til Porten.no.

I fjor gav Sognnes ut debutsingelen sin «Fredag», som blei spelt på både nasjonal og regional radio. Denne gongen skriv han om ei kjensle mange kjenner til – sommarforelskinga.

Sommarforelsking

SOMMARFORELSKING: «Lun sommarvind» er ei sommarforelsking av ein låt, seier Sognnes.
SOMMARFORELSKING: «Lun sommarvind» er ei sommarforelsking av ein låt, seier Sognnes.

– Det er jo ei sommarforelsking av ein låt. Eg tenkjer sommaren er ei fin tid for ein flørt, og av og til skjer det, og då er det jækla deilig når ein føler med heile kroppen at ein lever. Sommarflørten er ein fin ting å sjå tilbake på, seier han.

Allereie som ung byrja Sognnes artistkarriera si med ein vaskekost som mikrofon. Interessa lever framleis i beste velgåande. Sjølv om han i likskap med dei fleste andre artistar berre ventar på at den neste singelen skal bli den alle snakkar om, fortel han at han ikkje har dårleg med tid.

– Sjølvsagt har det vore draumen sidan eg var liten. Samstundes har eg litt god tid. Det er framleis draumen å leva av musikken og spela live, men eg har òg god tid. Eg ønskjer å byggja stein for stein, og det er eg veldig glad for at eg har gjort og ikkje prøvd meg på nokre snarvegar, seier han.

Høgepunkt å spela før Hellbillies

Høgdepunktet innanfor musikklivet vil komma fredag. Då står han på scena på heimebane under Jordeplerock og skal varme opp for Hellbillies.

– Hellbillies har eg høyrt på sidan eg var liten. Det er dei som står sterkt i familien. Både mamma og pappa har høyrt mykje på dei er glade i dei. Dei er førebilete og Noregs beste liveband. Og så har dei aldri gitt ut ei dårleg plate heller. 

LES OGSÅ: Unge sogneartistar klar for Jordeplerock

– Det blir heilt fantastisk å spela for dei i heimbygda Lærdal. Det blir høgdepunktet, og eg håpar på ei god oppleving, seier han og ber folk om å koma tidleg då han skal på scena allereie 21.30.

Håpar å få gitt ut EP

I likskap med Hellbillies skriv også Sognnes låtane sine på norsk. Sjølv skildrar han musikken sin som litt snill rockemusikk og pop.

– Dei to singlane eg har gitt ut er veldig glede, medan andre låtar eg har er nærare og med meir nerve i. Dei driv eg og jobbar med no, og forhåpenlegvis får eg gitt ut ei EP, men ting tar så lang tid at eg tør ikkje seia noko meir om det, smiler han.

Til toppen