Regissør: Lærdølen Alexander Einemo Zwart regisserte "Stagnation" som vann pris for beste kortfilm under Los Angeles Greek Film Festival. Privat foto
Regissør: Lærdølen Alexander Einemo Zwart regisserte "Stagnation" som vann pris for beste kortfilm under Los Angeles Greek Film Festival. Privat foto

Lærdøl vann pris for gresk film

"Stagnation" med Alexander Einemo Zwart som regissør gjekk til topps på gresk-amerikansk filmfestival.

– Det var heilt fantastisk. Ein ting er anerkjenninga, men det å sjå at filmen treff folk er den aller beste kjensla, seier den nybakte prisvinnaren.

Ideen kom over Hemsedalsfjellet

Alexander Einemo Zwart og kona Valia Phyllis Zwart køyrde heim frå Oslo til Lærdal då ideen plutseleg stod føre han - å laga ein kortfilm om finanskrisa i Hellas. Som tenkt så gjort, og under ein ferie til Athen gjorde dei opptaka til det som skulle bli vinnaren av kortfilmprisen under Los Angeles Greek Film Festival.

Pris: Statuetten Einemo Zwart og hans Komet Film fekk for "Stagnation" under filmfestivalen i Los Angeles. Privat foto
Pris: Statuetten Einemo Zwart og hans Komet Film fekk for "Stagnation" under filmfestivalen i Los Angeles. Privat foto

– Eg trur grunnen til at den har gjort det så bra er at den har eit blikk på finanskrisa i Hellas frå utsida, sjølv om det er på innsida. Hadde ein grekar laga filmen ville den ha vorte heilt annleis, fortel Einemo Zwart, som altså regiserte "Stagnation".

Filmen handlar om ein åleinefar i Athen som eig ein klesbutikk. Økonomien går dårleg og på tiårsdagen til sonen sin har ikkje mannen råd til å kjøpa bursdagspresang. Sjå trailer her.

– Temaet er kva som skjer med middelklassen når alt har gått gale. Ein får kjenna på den håplause kjensla gjennom heile filmen. Alt har stoppa opp i Athen. Det føler eg me har spegla bra.

Frå Hellas til Lærdal

Det er Einemo Zwart og kona Valia sitt eige filmselskap Komet Film som står bak "Stagnation". Og om nokon skulle lura på kvifor dei fann på å laga ein film om akkurat Hellas er noko av forklaringa openbar:

– Valia er gresk, så me kjenner jo godt til tilhøva.

– Snakkar du gresk sjølv?

– Bittelitt. Men utan Valia hadde eg ikkje overlevd eitt minutt på filmsettet då me skaut scenene til "Stagnation".  

Og grunnen til at det er ein gresk filmfestival i Los Angeles, har å gjera med at Hellas har ei spesiell stilling i hollywwodbyen.

– Jim Gianopulos har greske røter og er administrerande direktør i Twentieth Century Fox. Dei står bak filmar som Titanic og Avatar. Og Gianopulos dukka opp på festivalen. Så det var jo kult, seier Einemo Zwart.

Zwart har fleire ballar i lufta. Ein av dei er ein annan kortfilm frå vesentleg heimlegare trakter: "Som ein reier så ligg ein" vart filma på garden Fjellheim i Lærdal i haust og handlar om ein bonde som får beskjed av ein synsk mann om at han skal døy snart. Zwart har jobbe med å redigera filmen og antyder at den teknisk sett langt på veg er ferdig, men held elles korta tett til brystet:

– Det blir ein feit film, det er det einaste eg vil seia no.

– Når kjem den ut, då?

– Der blir nok svaret ingen kommentar, gitt. Men eg lovar at folk heime skal få merka når den kjem.

Til toppen