PLATEAKTUELL: Borgynden Øyvind Hegg-Lunde (t.h.) er i desse dagar aktuell med albumet «Åra» som han gir ut med Erlend Apneseth trio. Dette er første av tre plater lærdølen bidreg på i haust.
PLATEAKTUELL: Borgynden Øyvind Hegg-Lunde (t.h.) er i desse dagar aktuell med albumet «Åra» som han gir ut med Erlend Apneseth trio. Dette er første av tre plater lærdølen bidreg på i haust. (Bilde: Oddleiv Apneseth)

Lærdølen er aktuell med tre plater i haust – først ut er «Åra»

Øyvind Hegg-Lunde frå Borgund i Lærdal har ein travel haust i vente.

Borgund: Perkusjonisten og trommeslagaren frå Lærdal er aktuell med heile tre album denne hausten. Fredag før helga kom det første – «Åra», der han spelar i Erlend Apneseth trio.

6. oktober kjem plata han spelar inn med Fredrik William Olsen, kjend frå Kråkesølv. 3. november kjem det nyaste albumet til bergensbandet Electric Eye.

– Det går i eitt utover med plateslepp og turnering, seier Hegg-Lunde.

Først ut var altså plata til Erlend Apneseth trio, som består av jølstringen Erlend Apneseth, sørlendingen Stephan Meidell og Hegg-Lunde sjølv. Dette er det andre albumet til trioen, og det har allereie rekt å få terningskast fem i Aftenposten.

– Det var ein kjekk start. No reiser me på turné og byrjar i Oslo komande onsdag. Me skal også innom Borlo Bygdetun i Lærdal og Sogndal i Sogn, fortel han.

Det er plateselskapet Hubro som har gitt ut albumet. Borgjynden føler sjølv at plata ber preg av at alle tre har fått påverke og komponere musikken, slik dei også fekk til på det første albumet.

– Me har klart å vidareføre det uttrykket me hadde. Den førre plata gjekk jo veldig bra, rundt om i heile verda og vart omtalt av BBC og Mojo.

Den plata vart også nominert til Spellemannsprisen i open klasse og til Folkelarmprisen.

– Me er tre med litt ulike bakgrunn, der me tar med oss ulike referansar og inspirasjon inn i musikken. Det meiner eg er ein styrke for konstellasjonen, at me har Erlend med bakgrunn frå folkemusikk, medan eg og Stephan har meir frå jazz- og samtidsmusikken.

Til toppen