NY LÅT: Fredag slapp lærdølen Eirik Sognnes den tredje singelen i singelkonseptet han jobbar med i år. Der tek han eit oppgjer med einsemda.
NY LÅT: Fredag slapp lærdølen Eirik Sognnes den tredje singelen i singelkonseptet han jobbar med i år. Der tek han eit oppgjer med einsemda.

VIDEO

Lærdølen ute med ny sterk låt om einsemd

Eirik Sognnes frå Lærdal meiner han har noko viktig på hjartet. Fredag kom han med ein ny låt i singelkonseptet.

Lærdal: I den nye låten som kom på fredag, tek han eit oppgjer med einsemda. Songen har fått namnet «Kom inn» og vart skriven i ein periode han sjølv var usikker på kven var og kva han ville.

– Det handlar om ein einsamkarakter som føler det må skje noko livet hans snart. Det er særleg knytt til det å treffa nokon, med nærleik og kjærleik, og å bryta litt med kvardagen han lever i, seier Sognnes. 

Det er mange år sidan låten vart skriven, men i år gir lærdølen ut fleire singlar i eit singelkonsept. Totalt fem låtar kjem i år. Dette var den tredje, og som med dei tidlegare songane, byr han på kjenslene sine.

– Det er med nervar og spenning eg gjer det. Når ein jobbar med musikk, er det opp og ned, der det ein skriv kan vera alt frå kult til kva i all verda. Eg står åleina om det, og det er lit vanskeleg, men no er songen ute og så langt har eg fått masse fine tilbakemeldingar.

Han lovar fleire låtar i same gata framover. 

– Men då med kanskje litt meir utoverfokus på samfunnet. Eg har tenkt passe på kva ein oppnår med å vera personleg, og eg føler det er mykje trøst i song. Klarar eg å skapa dei kjenslene hjå andre i blant, er det kjekt. Det har eg fått stadfesta gjennom tilbakemeldingar og på konsertar. Då har det vore verdt det, seier han.

Det betyr at det kjem minst to låtar til før nyttår. I sommar har det vore lite speling live, men Sognnes har vore i studio ein tur. 

– Det er eit nytt prosjekt, og no satsar eg på å få spelt så mykje som mogleg i vinter. Det kjekkaste eg veit er å spela live. 

 

 

Til toppen