VINN-VINN: Bruktbutikken «Skjulte skatter» er ein treningsarena, eit høve for å skaffa seg svært rimelege klede – noko spesielt flyktningar nyttar seg av, og lærdøler kan kvitta seg med klede og ting dei har liggjande men ikkje brukar, samstundes som tinga går til eit godt føremål. Her ved Frøydis Helland og John Fodnes. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Lærdølene skal rosast for at dei er flinke til å gje ting

– Meir folk er innom, og fleire og fleire lærdøler. Det er veldig gledeleg, seier, seier Frøydis Helland som starta opp bruktbutikken «Skjulte skatter» på Doktorheimen

Lærdal: Det starta med innsamling av klede til flyktningar hausten 2015. Då fekk Frøydis Helland ein idè:

– Me fekk så inn i granskogen mykje, i tillegg hadde me att klede etter innsamlinga i samband med brannen for tre år sidan. Kleda me samla inn gav me ut til flyktningane som var komne til bygda, men kleda låg her oppe heilt ustrukturert. Så det var som regel feil storleik når me skulle gje kleda ut.

Ho jobbar i psykiatritenesta i kommunen og fekk ein idè som kunne ha mykje for seg på mange vis.

– No hyv eg, brenn eller tener pengar på desse kleda, tenkte eg.

– På nokre av kleda er jo ikkje prislappen ei gong teke av

Det vart det siste. 2.etasjen på det som i dag er Doktorheimen var det internat for hjelpepleiarskulen tidlegare. Her vart det rydda og laga til så ein kunne opna bruktbutikken «Skjulte skatter»

Artikkelen held fram under biletet

KUPP: Blant anna kan ein gjera eit kupp ved å kjøpa barneklede på «Skjulte skatter».
KUPP: Blant anna kan ein gjera eit kupp ved å kjøpa barneklede på «Skjulte skatter».

– Me starta veldig i små, det var ikkje rare greiene. Men så har det vakse. Me har ikkje superinntening, frå 500 til 1000 kroner ein normal onsdag. Sel me møbler blir det fort meir. Men inntekta er bonus. Dette er ein god treningsarena for dei som jobbar her, og flyktningane får kjøpt klede til ein billeg penge. For den norske forbrukarsjela kastar kvalitetsting, seier Helland.

– Lærdøler er flinke å gje ting her, det skal dei rosast for. Det har også byrja å koma meir bygdefolk for å handla her, seier John Fodnes, som jobbar på bruktbutikken.

Les også: Gav folk ein moglegheit til å hjelpa

Les også: Frå roteloft til skattkammer med meining

– Me får stort sett berre positive tilbakemeldingar. Ein kan jo fylla ein berepose med klede til hundre kroner. Kvar kan du gjera det elles? Ein del av kleda er  jo ikkje prislappen teke av ei gong, held Fodnes fram.

«Skjulte skatter» held open kvar onsdag. I tillegg husar også Doktorheimen – som først og fremst gir eit psykiatrisk tilbod – seniorkafè kvar måndag. 

Artikkelen held fram under biletet

KAFÈ: Ingrid Eraker tek ansvar for seniorkafeen måndagane.
KAFÈ: Ingrid Eraker tek ansvar for seniorkafeen måndagane.

Gir vekas inntekt til klinikk i Cape Town

Inntektene frå kafeen og butikken denne veka har gått til Runar Stundal Skjerping  sitt prosjekt Fundraising Sunshine educare- health clinic i Cape Town. 

Han og to andre studentar har starta opp helseklinikk for folka i samfunnet Wolwerivier. Dei har teke i bruk eit lagerbygg der dei gir hjelp med sår og lettare skader, eller hjelp til å senda folk på sjukehus. Planen er å få til ein permanent helseklinikk.

– Det betyr ikkje noko kor mykje me får inn, men det viser at me engasjerer oss.

Ein annan kreativ idè som Ole Stian Aspevik kom opp med gir også inntekter til klinikken i Sør-Afrika; han starta opp ein konkurranse der deltakarar gjettar kor tung ei krukke med godteri er. Det kosta fem kroner å delta, og den som kjem nærast vinn premien.

Artikkelen held fram under biletet

KREATIVT: Ole Stian Aspevik har skaffa pengar ved å laga ein tipp-vekta-på-godtekrukka.konkurranse, og pengane går til klinikken sambygding Runar S. Skjerping jobbar med å starta opp i Cape Town.
KREATIVT: Ole Stian Aspevik har skaffa pengar ved å laga ein tipp-vekta-på-godtekrukka.konkurranse, og pengane går til klinikken sambygding Runar S. Skjerping jobbar med å starta opp i Cape Town.

Då porten.no var innom onsdag hadde han på denne måten samla inn 550 kroner etter å ha drive oppsøkjande verksemd rundt om.

Til toppen