VIDARE: Margit Brooks og Synne Bentås, begge 13 år, frå Lærdal gjekk vidare i UKM med kunstverket «Kjole». Foto: Amalie Larsen Orvid/Hafstad vgs.
VIDARE: Margit Brooks og Synne Bentås, begge 13 år, frå Lærdal gjekk vidare i UKM med kunstverket «Kjole». Foto: Amalie Larsen Orvid/Hafstad vgs.

Lærdøler gjekk vidare i UKM

Margit Brooks (13 år) og Synne Bentås (13 år) frå Lærdal er klare for landsfinalen i UKM i Trondheim.

Førde/Lærdal: Denne helga var ung kultur samla i Førdehuset på UKM. Heile 13 frå Lærdal og ni frå Årdal deltok med både sceneinnslag og kunst på fylkesmønstringa.

Av desse var det to 13-åringar frå Lærdal som gjekk vidare med kunstverket «Kjole», som er ein ein kjole laga av resirkulert plast. Også Tarjei Hamre (18) frå Lærdal gjekk vidare, men han representerte Sogndal i UKM. Han gjekk vidare med songen «Broken hands».

– Det har vore ei stor glede for Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Førde kommune å arrangere festivalen. Me er stolte over å kunne vere med og vise fram breidden i ung kultur i Sogn og Fjordane. Nivået til deltakarane er høgt, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen frå publikum, totalt 1500, stadfestar dette inntrykket, står det i pressemeldinga frå fylkeskommunen.

Artikkelen held fram under biletet.

UNG KULTUR: «Bandet» frå Årdal deltok også, men gjekk ikkje vidare.
UNG KULTUR: «Bandet» frå Årdal deltok også, men gjekk ikkje vidare.

Juryen, sett saman av juryleiar Ingebjørg Nomeland, jury for sceneinnslag Anders Alvaro Nydal, Bjørn Berge og Ola Weel Skram, jury for utstilling Astrid Wittersø og Gregory Idehen, vart samde om å la desse representere Sogn og Fjordane på UKM-festivalen i Trondheim 24.-28. juni:

Sceneinnslag:

  • Sofia Hyttedalen (15 år), vokal og playbackspor for den sjølvlaga låten «Lack of», frå Gloppen.
  • TJ Hamre med «Broken hands», frå Sogndal.
  • Tarjei Hamre (18 år), vokal
  • Håvard Endal Husevåg (17 år) vokal og piano med den sjølvlaga låten «Well chosen words», frå Gloppen
  • Indigo Child med den sjølvlaga låten «House of the hill», frå Eid
  • Johan Espelund (17 år)piano, Karl Oskar Nyberg (17 år) synthtromme, Maren Holmgren (19 år) vokal, Martha Pavelich (16 år) vokal/keyboard, Sunniva Honningsvåg (17 år) vokal.
  • Daphnie & Maja med Gloomy Sunday/Here, frå Fjaler
  • Daphnie Knoll (17 år) vokal og piano, Maja Horvath (17 år) vokal og fiolin

Kunst:

  • «Dykk», akvarell på papir, Ingrid Bolstad (15 år) frå Førde
  • «Kattens univers», teikning, Anaís Stølen(16 år) frå Gulen
  • «Løvetann», foto, Tormod Midtbø (18 år) frå Gloppen
  • «Kjole», kjole i resirkulert plast, Margit Brooks (13 år) og Synne Bentås (13 år) frå Lærdal
Til toppen