PARKMØTE: Tysdag var partnarar og folk frå styret i Nærøyfjorden Verdsarvpark samla for å diskutere framtida. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
PARKMØTE: Tysdag var partnarar og folk frå styret i Nærøyfjorden Verdsarvpark samla for å diskutere framtida. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Lærer opp framtidige verdsarvingar

25 prosent av dei som reiser rundt Nærøyfjorden veit ikkje at dei køyrer gjennom eit verdsarvområde. Dette skal stiftinga jobba med å få snu. 

Aurland: Stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark diskuterte tysdag korleis dei skal skapa meir forståing og kunnskap rundt det å vera på UNESCO si verdsarvliste. 

– Me ønskjer å auka medvite, eigarskap og stoltheit gjennom pedagogiske aktivitetar og arrangement som koplar opplevingar og læring, seier Gry Mørk.

Sidan 2008 har ho jobba som parkforvaltar for kulturminne og formidling. 

Skal læra opp borna

Det er 10 år sidan Nærøyfjorden fekk status som verdsarvområde. Dei siste åra har stiftinga prøvd å setja meir fokus på kva dette inneber blant innbyggjarane i dei fire kommunane.

– Me har eit eige opplegg for dei som jobbar med born. I barnehagane har med hatt workshop som omhandlar verdsarven. Me har hatt etterutdanning av lærarar i samband med forskarfabrikken og leirskule for born. Ungdomsskulen har me jobba spesielt mykje med, til dømes ved å arrangera skattejakt i eiga bygd, seier Mørk. 

Ho meiner det er viktig å informere framtidige verdsarvingar om betydninga av området som dei bur i. 

– Det er vanskeleg å få det til å sitta igjen hos elevane. Difor prøver me å få fleire møtepunkt med elevane opp gjennom åra. Opplegget har vore veldig sentrert rundt Aurland. Me har pleidd å kople på elevar frå Lærdalsøyri skule, men det blir ikkje i år, seier Mørk.

I fjor vart det også utvikla eit konsept som går ut på guida turar i verdsarven. Dette vart arrangert i samband med friluftslivets år. I tillegg var det geologiens dag og kulturminnedagen. 

– Me ville formidle verdiane i alle dei fire kommunane. Det var ein god oppslutnad og fine tilbakemeldingar. I tillegg vart det uttrykt ønskje om fleire slike turar. Framover vil me auka samarbeidet med lokale og regionale ressursar, seier Mørk. 

Enklare å finna fram

Nytt i år er at Nærøyfjorden Verdsarvpark har fått nye nettsider. Dette skal gjere det enklare for besøkjande å finne fram, lese nyheiter og sjå kven som er samarbeidspartnarar. Det er også laga ein eigen oversikt med framtidige arrangement. 

– Me har over 60 partnarar. Det er viktig at alle har ein felles identitet og verdiar. Dei er alle ambassadørar for verdsarvparken, seier Linn Skarsbø. 

Ho har vore med på å utvikla ein logo som partnarane og stiftarane kan ta i bruk på sine heimesider. Så langt er det berre Voss og Vik som har teke den i bruk.

– Me er eit godt selskap og det er ikkje alle som får lov til å vera med. Difor er det viktig å flagga at ein er ein del av verdsparken. Logoen er også med på å syne innbyggjarane kva dei er ein del av, seier Skarsbø. 

UNESCO-logoen er det derimot knytt strenge krav til å kunne brukast. Det er berre Nærøyfjorden Verdspark som har løyve til å nytte den, sidan dei driv med kunnskaps- og informasjonsarbeid.   

Til toppen