Lærer seg å ferdast i trafikken på to hjul
(Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Lærer seg å ferdast i trafikken på to hjul

Måndag var det sykkeldag på Farnes skule, der tryggleik på sykkelen stod i fokus.

Trafikken er eit komplekst og mangfaldig system, og difor er det viktig med god opplæring før ein slepp til born og unge åleine. Det er 4. til 7. klasse som deltek på dette. 

Nettopp difor har Farnes skule kvart år sidan våren 1991 hatt ein såkalla sykkeldag. Måndag kunne ein sjå fleire ungar ferdast på sykkel rundt omkring i bygda i Øvre Årdal.

Dette er ein av fleire «meistringsoppgåver» elevane må gjennom før dei får det såkalla sykkelsertifikatet. 

Artikkelen held fram under biletet.

KONTROLLPOST: Elevane syklar rundt i bygda og blir sett på ulike prøvar som kan møta dei trafikken medan lærarane vurderer korleis dei taklar situasjonane.
KONTROLLPOST: Elevane syklar rundt i bygda og blir sett på ulike prøvar som kan møta dei trafikken medan lærarane vurderer korleis dei taklar situasjonane.

– I dag syklar elevane rundt i bygda, og så står det lærarar på kontrollpostar og sjekkar at dei brukar det dei har lært, seier Elin Fredheim medan ho noterer ned på eit ark etter kvart som elevane passerer i krysset ved kyrkjegarden.

Lærerikt

Skulen kjem også med ei oppmoding til andre trafikantar på desse dagane: Ikkje stopp for ungane viss du ikkje skal. Det går nemleg litt ut over opplæringa dersom situasjonane ikkje er reelle.

Heilt sidan våren 1991 har Farnes skulle hatt dette opplegget. I tillegg til å sykla i trafikken, skal elevane også gjennom ein dugleiksprøve på skuleplassen og ein teoridel.

– Me gjer dette for at elevane skal bli flinkare til å ferdast i trafikken og læra seg trafikkreglane og dette med bruk av hjelm. Dette handlar om at dei har kontroll på sykkelen, bremsar opp og viser teikn, held Fredheim til.

Konsekvensar

På rad og rekke står 4. klassingane, som etter dette kan byrja å sykla til skulen åleine, klare til å ut i trafikken.

– Me syklar rundt i gatene. Og så har me sånn hefte som me skriv i om skilt og vikeplikt og sånn. Det er veldig viktig å læra dette slik at du kan reglane og veit korleis ein skal sykla, seier Lukas Buheim.

Artikkelen held fram under biletet.

TEIKN: Denne karen viser tydeleg kor han skal ved å vise teikn før han kjem til krysset.
TEIKN: Denne karen viser tydeleg kor han skal ved å vise teikn før han kjem til krysset.

Tidlegare i vår fekk elevane utdelt hjelmar som Årdal Tenk Tryggleik sponsa, samt sykkellykter frå FAU. Tobias Luggenes Furebotn forklarar viktigheita av bruk av hjelm.

– Det kan dempa skadene på hovudet og gjera at det ikkje blir så alvorleg. Viss ein ikkje brukar hjelm, kan det bli ganske alvorleg skade på hovudet, og ein kan få hjernerystelse og forskjellige ting, seier han.

Vaksne må vera førebilete

Fredheim fortel at dei har særskilt fokus på bruk av hjelm og at det difor er viktig at vaksne går føre som eit godt døme.

– Me prøver å sjå litt filmar og har fokus på konsekvensar. Me prøver å vera bevisst og minna dei på dette, og så må foreldrene vera på vår sida og passa på at ungane tar på seg hjelmen, seier ho.

– Når dette er over, skal me ha litt premiering til beste gut og jente, og me trekk premiar i klassen. Me vil takka Indre Sogn Sparebank, Farnes skulebibliotek, sporten og Sparebanken Sogn og Fjordane for flotte premiar.

Til toppen