TEKNIKKRÅD: Tidlegare noregsmeister i symjing, Sander Smørdal, er i Årdal denne helga for gi ivrige symjarar gode innspel til teknikk og trening i bassenget. Over 30 symjarar er samla på treningsleiren i Årdalshallen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TEKNIKKRÅD: Tidlegare noregsmeister i symjing, Sander Smørdal, er i Årdal denne helga for gi ivrige symjarar gode innspel til teknikk og trening i bassenget. Over 30 symjarar er samla på treningsleiren i Årdalshallen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Lærer symjeteknikk frå norsk meister

– Det er fantastisk å ha han her. Me er utruleg glad for at Sander ville kome hit.

Årdal: Det seier leiar for symjegruppa i IL Jotun, Ingeborg Hjelle. Denne helga har dei tidlegare landslagssymjar og norgesmeister Sander Smørdal på besøk for å gi gode tips til ivrige symjarar.

Over 30 unge symjarar deltek på denne treningsleiren til Sogn og Fjordane symjekrins. Her får dei innføring i teknikk, samstundes som det er ein god fysisk boost for dei eldste. 

– Dette er ei greie me har gjort i mange år, lenge før eg slutta med symjing. Me har to samlingar i året, og dette er eg med på fordi krinsen ønskjer å ha meg med. Dessutan er det kjekt å gi noko tilbake til miljøet som eg sjølv om frå, seier Smørdal, som er frå Nordfjordeid.

Gler seg over veksande miljø

Sjølv har han vore symjar i 20 år. Han har 12 norske individuelle meistertitlar – 60 viss ein reknar med stafett. Han har også sett to norske rekordar, der den eine framleis står. Med andre ord er Smørdal ein mann med hopevis av erfaring, men også ei kjelde til inspirasjon for dei unge.

– Eg har kjempa meg opp frå same kår som her. Det var ikkje noko særleg til symjemiljø. Det var to treningar i veka, der den eine treninga var meir ei vasspolo-greie og ikkje noko seriøst sånn sett, fortel han.

Artikkelen held fram under biletet.

I VEKST: Symjemiljøet i Årdal er i voldsom vekst. På få år har dei gått frå fire til over 40 symjarar.
I VEKST: Symjemiljøet i Årdal er i voldsom vekst. På få år har dei gått frå fire til over 40 symjarar.

Difor gler han seg over det veksande symjemiljøet i Årdal, som tidlegare har hatt mange gode symjarar som hevda seg.

– Eg hugsar godt at eg var mykje her i Årdal på stevne. Me starta alltid sesongen med ei treningsveke her i utebassenget. Det er kjekt å vere tilbake, seier han.

– Det er også viktig for Sogn og Fjordane med fleire klubbar som kjem opp. Eid og Førde er eigentleg dei einaste som har hatt stabil tilvekst. Så handlar ikkje dette om å skapa noregsmeisterar, men det er viktig å ha ein velfungerande symjeklubb slik at ein kan ha eit godt tilbod, legg han til.

Vil gi eit godt tilbod

Det oppblomstrande miljøet var også ein del av bakgrunnen for at treningsleiren vart lagt nettopp hit denne helga. På få år har IL Jotun gått frå å ha fire symjarar på trening til over 40.

– Det er heilt fantastisk å ha Sander her. Me er utruleg glad for at han ville kome hit. Me ser på det som ei god tilbakemelding på det me er i ferd med å få til at leiren vert lagt hit, seier Ingeborg Hjelle.

Artikkelen held fram under biletet.

UTDANNING: Jotun har utdanna fem trenarar. Med betre kunnskap, håpar dei også å få betre symjarar. 
UTDANNING: Jotun har utdanna fem trenarar. Med betre kunnskap, håpar dei også å få betre symjarar. 

Symjegruppa har gått skikkeleg til verks for å utdanne fleire trenarar og dermed vere med på å utvikle betre symjarar. 

– Er det folk som vil satse, skal me tilby det dei har behov for. Det er eit av måla våre, seier Hjelle. 

– Viktig for symjemiljøet i fylket

Også krinsen i Sogn og Fjordane gler seg over den aukande medlemsmassen.

– Det er veldig viktig for heile symjemiljøet at det ikkje berre er Eid og Førde som er representerte, men at me får opp fleire klubbar i fylket, seier leiar i krinsen Jan-Ole Haus.

Til toppen