Årdal: For nokre veker sidan blei Benedikt teken ut til talentsamling, og denne helga er han i Bergen for å delta på samlinga.
- Talentsamlinga synast eg er veldig positiv og lærerik, fortel trenar for Åtil/Jotun, Olafur Sveinsson.
Eit av måla med talentsamlinga er å kartleggje handballspelarane med tanke på spelarutvikling og representasjonslag.
Artikkelen held fram under biletet

Inspirasjon og trening på talentsamling
Det er 100 utøvarar som er samla på talentsamlinga for inspirasjon og trening. Håndballspelarane er delt inn i ulike grupper og følgjer eit program for dagane.
Mange av deltakarane bur på same skule og alle som er med på talentsamlinga har fellesmåltider. Dette skapar eit godt fellesskap blant dei som er med.
- Ein får nye impulsar og møter nye menneske, så dette er både lærerikt og sosialt, seier Sveinsson.
Han legg til at denne samlinga er eit springbrett vidare.
- Alt i alt synast eg dette er ei veldig god talentsamling.
Representere region vest
Eit mål ved talentsamlinga er at ein skal finne 7 spelarar som får tilbod om å representere region vest på den sentrale talentsamlinga. Denne talentsamlinga går av stabelen i Skien 8-11. august.
- Ein kan bli tatt ut til ei endå større samling, men då må ein prestere godt og vise seg fram.
Desse 7 spelarane som skal representere region vest vil få tilbode ei stund etter denne talentsamlinga er over.