FARDALEN: Kurset i Fardalen skal ha vore til stor hjelp for dei som vil lære å stå på ski. Foto: Privat
FARDALEN: Kurset i Fardalen skal ha vore til stor hjelp for dei som vil lære å stå på ski. Foto: Privat

Lærerikt kurs i Fardalen

15 vaksne og skiglade folk meldte seg på skikurset som Jotun har stått bak.  

  • Endret

Fardalen: Torsdagkveld hadde skigruppa i Jotun kurs for dei vaksne om skigåing. Kurset har foregått dei tre siste torsdagane i Fardalen og vil ha sitt siste kurs mellom vinterferien og påskeferien.

- Målgruppa dette kurset var retta mot var for dei vaksne, seier Børre Øvstetun som meldte seg frivillig til å halde dette kurset.

Det var lagt ut påmeldingslister på forkant slik at dei som ville melda seg på kunne gjera det via internett. Påmeldingslista var fylt opp med heile 15 medlemmar.

Porten.no har slått av ein prat med Børre angåande arrangementet:

– Kurset gjekk rett og slett ut på å få lært dei vaksne dei grunnleggjande teknikkane for korleis ein går på ski. Me begynte først og fremst med smørjekurs der dei fekk læra seg enkel smørning av ski. Så har me vore innom klassisk skigang, tyngdeoverføring og alle grunnprinsippa. 

Vellukka samarbeid

15 medlemmar har fram til no fått litt meir kunnskap om skigåing og er no klare for å gå på skiturar med god teknikk og gode ferdigheitar. Ein av desse deltakarane var Helge Rørvik.

– Kurset var veldig nyttig. Eg lærte meg både dei grunnleggjande teknikkane, klassisk skigang og diagonalgang. Litt synd at det var så lite snø å gå på, seier Rørvik. 

Til toppen