KURS: I desse dagar arrangerer Lærdal Jegar og Fiskarlag kurs i flugefiske i Lærdalselva. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KURS: I desse dagar arrangerer Lærdal Jegar og Fiskarlag kurs i flugefiske i Lærdalselva. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Lærerikt kurs i flugefiske

Denne veka kan fiskeinteresserte ungdom ta interessa si eit steg lenger.

Lærdal: Onsdag, torsdag og fredag denne veka arrangerer Lærdal Jegar og Fiskarlag (LJFL) gratis kurs i flugefiske. 

– Me fekk donert tre fiskedøgn av Mark Brooks til dette føremålet her. Me kunne bruka dagane slik me ville, men me bestemte oss for at me ville prioritera ungdomen slik at dei får eit forhold til elva.

Det seier Torfinn Grøttebø i fiskarlaget. Her kan ungdomar ta interessa eit steg lenger. Alt er gratis, og det einaste dei må ha med seg er gode klede.

– Grunnen til at me gjer dette er fordi snittalderen på laksefiskarar i Noreg er på 49 år. Du lærer deg aldri å ta vare på noko eller bevara det viss ikkje du har interesse og er glad i det. Det er det som er tanken. Det er dei unge som skal overta dette, seier han.

Grunnleggjande kunnskap

GRATIS: Kurset er heilt gratis, fortel Torfinn Grøttebø, og her lærer ungdomen det mest grunnleggjande.
GRATIS: Kurset er heilt gratis, fortel Torfinn Grøttebø, og her lærer ungdomen det mest grunnleggjande.

På kurset lærer deltakarane alt det grunnleggjande for å fiska med fluga i elv. 

– Her startar dei med knutar, som er det viktigaste. Viss ein har dårleg knut og er god å kasta og får på ein stor laks, så får du ikkje den laksen. Me starta heilt frå botn med korleis ein rigga ei flugestong i forhold til elva, og så er det kasting. Og då er det både med eihands- og tohansstong. 

Ein ting er å læra seg å fiska. Ein annan er å koma seg ut i naturen og nytta seg av dei ressursane ein har rundt seg. Når ein driv med flugefiske, handlar det like mykje om å observera forholda som det å fiska.

– Ja, og når ein er fleire, er det sosialt også. Eg har ikkje sett ein som sit med mobilen. Me snakkar om fisk og fiske, fortel Grøttebø.

Greip sjansen

Midt blant gjengen med karar er Maritha Tønjum Skjerdal. Det er mykje å læra, seier ho, og då denne sjansen dukka opp, grep ho han.

– Eg jobba på Villakssenteret før, og då var det mange som lurte på om eg kunne fiska med fluga, og då måtte eg svare pent nei. Eg bur på ein gard rett her nede, så me har fiskerett på elva, og då grep eg moglegheiten når han kom, seier ho og legg til at det er litt ekstra press sidan ho er einaste jenta. 

Artikkelen held fram under biletet.

IVRIGE: Ungdomane diskuterer kva fluge som høver seg best i elva. Som einaste jenta er Maritha Tønjum Skjerdal ekstra ivrig etter å få fisk, seier ho.
IVRIGE: Ungdomane diskuterer kva fluge som høver seg best i elva. Som einaste jenta er Maritha Tønjum Skjerdal ekstra ivrig etter å få fisk, seier ho.

– Men det er eg vant til. Eg tok nettopp jegarprøven, og då var eg einaste jenta, smiler ho og seier ho er ekstra ivrig etter å få fisk.

Ny oppleving

Ein ho konkurrer mot då i så fall er Roy Arve Nundal. 

– Det er morosamt å fiska i elv. Det er ikkje så ofte ein får sjansen til det. Eg har fiska mest på fjellet, men det er morosamt å læra seg elva også. Eg har aldri fiska med fluga før, så dette er ei ny oppleving, fortel han.

Det er ei oppleving Øyvind Førland nok gladeleg deler med dei. Han er ivrig flugefiskar og er instruktør for ungdomane. Han syner dei alt dei treng å veta for å ta ein laks. 

Til toppen