ARBEIDSLØYSE: Sogn og Fjordane er det fylket med lågast arbeidsløyse i landet. Illustrasjonsfoto
ARBEIDSLØYSE: Sogn og Fjordane er det fylket med lågast arbeidsløyse i landet. Illustrasjonsfoto (Foto: Arkiv)

Låg arbeidsløyse i fylket vårt

Sogn og Fjordane er det fylket med lågast arbeidsløyse i landet. Her kjem Aurland Kommune godt ut, med berre 4 ledige.

Sogn og Fjordane: Med 935 heilt ledige, noko som utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken, har Sogn og Fjordane klart lågast arbeidsløyse i landet. Berre Oppland med 1,9 prosent er i nærleiken.

På landsnivå er arbeidsløysa uendra frå august i fjor. Det er no 84 669 heilt ledige, tilsvarande 3,1 prosent av arbeidsstyrken.

- Sogn og Fjordane er mellom dei fylka som har størst nedgang i arbeidsløysa samanlikna med august i fjor. Når vi tek med at tilgangen av ledige stillingar har auka med 38 frå august i fjor, er det ingen tvil om at arbeidsmarknaden i fylket for tida er inne i ei svært positiv utvikling, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Tala viser at arbeidssøkjarar som har vore ledige i meir enn 26 veker, er redusert med 19 prosent frå august i fjor.

- Langtidsarbeidssøkjarar utgjer framleis halvparten av dei ledige, men det er svært positivt at denne gruppa no blir redusert, seier Thorsnes.

Indre Sogn

Aurland Kommune kjem godt ut med berre 4 ledige. I Lærdal er det 12 ledige, Årdal har 28 medan i Sogndal er det 56 ledige.

Av desse kommunane er det berre Sogndal, som har auka arbeidsløysa frå i fjor med 6 ledige. Dette gjev kommunen ei arbeidsløyse på 1,3 prosent av arbeidsstyrken. Samanlikna med andre kommunar i fylket er likevel dette eit lågt tal.

I Sogn og Fjordane finn me den største arbeidsløysa, i forhold til arbeidsstyrken, i kystkommunane Flora og Bremanger, med høvevis 3 og 3,9 prosent.

Fleire ledige stillingar

Stillingsmarknaden i Sogn og Fjordane har utvikla seg svært positivt i 2016, og i august har talet på nye ledige stillingar auka med 38 prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken er størst innan bygg og anlegg og reiseliv/transport. I tillegg til desse to næringsgruppene, er det flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg.

Til toppen