BLIR FÆRRE: Sogn og Fjordane er det einaste fylket i landet med nedgang i folketalet i 2017. Biletet er frå ein tidlegare haustmarknad i Lærdal.
BLIR FÆRRE: Sogn og Fjordane er det einaste fylket i landet med nedgang i folketalet i 2017. Biletet er frå ein tidlegare haustmarknad i Lærdal.

Låg befolkingsvekst rammar distrikta

Folketalsveksten i Noreg har i 2017 vore mindre enn på tolv år. Mange kommunar i Sogn må rekna med at folketalet går ned framover.

NPK: Noreg hadde i 2017 ein befolkningsvekst på berre 0,7 prosent, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Med lågare innvandring og færre fødslar ser trenden ut til å halde fram i 2018, skriv NRK.

Forskar Knut Vareide i Telemarksforsking peikar på at nedgangen går verst ut over distriktskommunar, der befolkningsveksten frå før er liten. Færre innbyggjarar betyr mindre tilskot frå staten og generell tilbakegang på mange område.

– Det kan fort bli ein negativ spiral med stadig færre barn på skulane og risiko for skulenedleggingar. Færre folk gjer at det ikkje er behov for nye bustader i kommunen. Omsetninga til butikkane kjem òg til å gå ned, seier forskar Vareide til NRK.

Samfunns- og næringsutvikling må prioriterast høgare i kommunane enn før, meiner han.

På fylkesnivå er Sogn og Fjordane det einaste fylket med nedgang i folketalet frå 2016 til 2017 (-244), men i mange fylke er folkeveksten låg. Over to tredelar av folkeveksten dette året har komme i storbyfylka Oslo, Akershus, Rogaland, Vest-Agder, Hordaland og Sør-Trøndelag.

Til toppen