LAGA HEIME: Det er ganske lett å lage god, heimelaga iskrem. Dette er ein vaniljeis med bringebær, pynta med bringebær, sitronmelisse, pistasjnøtter og karamellisert kvit sjokolade. FOTO: Bjørn Hugo Pettersen
LAGA HEIME: Det er ganske lett å lage god, heimelaga iskrem. Dette er ein vaniljeis med bringebær, pynta med bringebær, sitronmelisse, pistasjnøtter og karamellisert kvit sjokolade. FOTO: Bjørn Hugo Pettersen

Lag din eigen iskrem

Heimelaga iskrem kan vere fort gjort – og veldig godt. Kanskje lagar du ein iskremtype ingen har testa før.

  • Endret


Har du kjøkkenmaskin, slikkepott, sleiv og nokre beger til å oppbevare iskremen i? I så fall har du reiskapane som skal til. Ein frysar er elles ein opplagt føresetnad.


Ingrediensane i iskremen bestemmer du sjølv.


Søtt nok utan sukker


Matbloggar Tove Holter brukar som regel kondensert mjølk og kremfløyte som basis når ho lagar iskremdessert til familien. Og ho brukar ikkje iskremmaskin.

IKKJE MANGE REISKAPANE: Tove Holter brukar kjøkkenmaskin, slikkepott og sleiv, ikkje iskremmaskin, når ho lagar iskremmassen.
IKKJE MANGE REISKAPANE: Tove Holter brukar kjøkkenmaskin, slikkepott og sleiv, ikkje iskremmaskin, når ho lagar iskremmassen.


Den kondenserte mjølka, som minner om veldig tjuktflytande vaniljesaus, piskar ho saman med kremfløyten i ei kjøkkenmaskin.


– Det skal piskast i nokre minutt, rett og slett til det ser ut som piska krem. Det er ikkje noko meir hokuspokus enn det. Så er det berre å ha i akkurat det ein vil, seier Holter, som står bak matbloggen Idéfull.no.


Kondensert mjølk og kremfløyte er søtt nok i seg sjølv. Dermed trenger ein ikkje å tilsetje noko sukker, meiner Tove Holter.


Når ingrediensane – for eksempel bringebær, kvit sjokolade og vaniljefrø – er rørt lett inn i den piska iskremmassen, er det berre å gjere det heile klart for frysaren. Nokre eigna behaldarar, eksempelvis ein tom iskremboks eller eit par isbeger, gjer susen.

MIKS SAMAN: Med kjøkkenmaskin vispast kremfløyte og kondensert mjølk til konsistensen blir som piska krem.
MIKS SAMAN: Med kjøkkenmaskin vispast kremfløyte og kondensert mjølk til konsistensen blir som piska krem.


Iskrystallar eller ei


Om ein ikkje ønskjer iskrystallar i iskremen, er det lurt å røre i han. Sett boksen med lokk i frysaren, ta han ut etter ein halvtime og rør i han med ei sleiv. Deretter vert isen sett tilbake i frysaren.


– Slik held du på kvar halvtime heilt til iskremen er frosen. Det tar nokre timar, alt etter kor stor isbehaldaren er og kor lang tid frysaren brukar på å djupfryse iskremen. Det er ikkje så lurt å starte med iskremlaginga seint på kvelden dersom du ikkje vil ha iskrystallar i isen. For min del er det inga krise om det blir litt iskrystallar. Men skal isen serverast til gjester, stressar eg litt meir med det, seier matbloggaren, som bu i Skedsmo kommune på Romerike.


Ho har dessutan vunne mange premier for oppskriftene sine, blant anna førsteplass i konkurransar som «Norges beste bakst» og «OL-kaka» – begge i 2014.


Ny iskremfavoritt


Nokre iskremkonkurransar har ho enno ikkje vunne, men kanskje hennar nye «Snickers-is» kan gjere suksess? Han er i alle fall hennar eigen favoritt, og ho publiserte nyleg oppskrifta på bloggen sin.


– I iskremmassen er det lagvis med peanøtter, sjokolade og heimelaget karamellsaus. Karamellsausen består av brunt sukker, kremfløyte og smør som varmast opp før eg rører inn litt kvit sjokolade. «Snickers-isen» vart ordentleg god, men det held nok med eit par kuler, smiler ho.

SNICKERS-IS: Tove Holters nye favorittiskrem.
SNICKERS-IS: Tove Holters nye favorittiskrem.


Elles har Tove Holter testa mange ulike smaker, blant anna ein smoothie-liknande saftis med appelsin, raude druer og raudbetar.


– Det morosame med heimelaga iskrem er å eksperimentere med smakar. Nokre gonger klaffar det, andre gonger ikkje. «Raudbetisen» vart dessutan ikkje så verst, synest ho.
 

Til toppen