GÅR OPPOVER: Dagleg leiar for Utladalen Camping og Svalheim Gard, Kristoffer Nystedt, trur at endå fleire turistar vil vitja Årdal det kommande året. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GÅR OPPOVER: Dagleg leiar for Utladalen Camping og Svalheim Gard, Kristoffer Nystedt, trur at endå fleire turistar vil vitja Årdal det kommande året. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Låg kronekurs kan bety gullår for turismen

- Vi kjem nok til å få meir turistar i 2016 grunna den låge kronekursen, seier Kristoffer Nystedt, dagleg leiar på Utladalen Camping og Svalheim Gard.
 

I fjor var hadde han 5.000 gjester som sjekka inn på Utladalen Camping. Dette var nesten ei dobling i omsetjing frå året før. Ein bra utvikling, meiner Nystedt, men ambisjonane om å få endå fleire besøkjande til Årdal står framleis på ønskjelista i 2016.

- Det ser ut som om vi skal klare å bli endå litt betre i år. Vi har sett oss eit budsjett som vi ønskjer å oppnå. Målet er at vi skal vekse endå litt til og at folk som kjem hit aktivt skal nytte seg av naturen i område, seier Nystedt.

Krevjande kanonår

I det kommande året kjem Nystedt i samarbeid med andre aktørar i bygda til å jobbe meir med tilrettelagte aktivitetar som kajakkturar, sykling og toppturar.

- Vi hadde ein kanonsesong i fjor, men det var svært krevjande. Mykje hardt og målretta arbeid vart lagt ned for å oppnå det vi gjorde, seier Nystedt.

Les også: Erling Eggum sin kommentar "Turisme i Årdal".

Han har vore i samtalar med Årdal Utvikling om vidare samarbeid og planar for framtida til turistnæringa i kommunen. Innovasjon Norge har også vore positive til å samarbeide med den entusiastiske camping-leiaren.

- Eg er svært takksam for det tette samarbeidet med Terje Laberg frå Årdal Utvikling og syns det er spennande det som skjer på reiselivsfronten i Årdal. Det er gøy at så mange prosjekt som handlar reiseliv no vert sett på dagsordenen. Eg er stor fan av alt av aktivitet som har med reiseliv å gjere, seier han.

Bestillingane rullar inn

Ein av nøkkelfaktorane for at Årdal dei siste åra har byrja å ta imot fleire turistar, er fordi dei no har eit breiare opplevingstilbod enn før. Det trur vertfall Nystedt som kjøpte Utladalen Camping for to år sidan.

Les også: Kartleggjer kva område som er best eigna for turisme

- Det var sprekt med folk i fjor. Vi hadde fullt belegg på hyttene heile sesongen. Det er vi glade for. Gjestene søkjer nye opplevingar og det er difor viktig at vi har eit skreddarsydd opplegg som byr på den vakre naturen vår, seier han.

Bestillingane har allereie byrja å rulle takka vere det gode omdømme til Campinga, skal ein tru den daglege leiaren.

- Det er andre gjester som anbefala reisemålet. Fleire av gjestene kjem hit for å oppleve naturen og ikkje som ein drop-in på omreise på Vestlandet. Dette har vi jobba mykje med, avsluttar Nystedt.  

- Aldri avhengig av kronekursen

På den andre sida av fjellet derimot, lit ikkje like mykje på den fallande kronekursen som årdølane.

- Vi er så pass etablerte at vi reknar med å få ein god sesong uavhengig av kronekursen. Aldri har vi vore avhengig av kronekursen eller andre omgivnadar. Det er snakk om å marknadsføra seg sjølv og styre marknaden, seier Even Aarethun, dagleg leiar i Lærdal Ferie- og Fritidspark. 

Turist- og overnattingsstaden i Lærdal har sett skyhøge rekordar år for år, likevel kunne det ha gått betre med lågsesongen meiner Aarethun. 

- I høgsesongen har vi ikkje plass til meir folk, men motorikkparken har ikkje vore noko suksess på vinterstid. Framover kjem vi ikkje til å satse på andre store tilbod i lågsesongen. Det er sjølve turistsesongen vi satsar på. Restauranten går bra, men på vinterstid er ikkje besøkstala store. Den ligg litt utanfor sentrum, noko som gjer det umogeleg å konkurrere med dei andre utestadane om dei lokale gjestene, seier han.

Les også:  Slik vil dei skapa meir verdiar av turisme

Ferie og fritidsparken har overnattingsgjester kvar veke, men ifølge Aarethun er det ikkje noko å hoppa i taket over.

- Vi er synlege og har turistar kvar veke. Det vert bra med folk i påsken og når turistsesongen startar i slutten av mai, seier han.

Til toppen